Sidemeny+

3 L- stølane

Posted on 10. feb 2004 by in Jordbruk

3-L stølane, Lundeland, Lireid og Lekva, starta stølinga på slutten av 1800-talet. Sameigarane frå Lundeland, Lireid og Lekva eigde rundt 5000 dekar til støling og beite. Før stod det 7 stølshus på austre delen av fjellet. 3L-stølane slutta med stølsarbeid før andre verdskrigen.

Plassering i kart

3-L stølane- Lundeland, Lireid og Lekva:

1. Lundelandstølen

Hytta er ein av 3 L- stølane og vart bygd i 1989 samstundes som Risnes- hytta vart bygd opp att.
Hyttane vart reist samstundes fordi der oppe vart det lagt kraftlinje, og helikopteret var på plass slik at dei brukt det til å frakte opp bygningsmaterialane.
Dei nye 3 L-stølane var bygd opp på grunnmurane til dei gamle stølane.
Dei gamle stølane vart nedlagt rundt 1930, og var allereie før berre ein sommarstøl.
Frå parkeringsplassen på Lekva til hytta treng ein ca. ein og ein halv time, og til Risesnipa frå 3L-stølen er det om lag 2 timars gange. Eigaren av den nye hytta er Jens Christian Lundeland

2. Lekvastølen
Den hytta eksistera ikkje lenger, men det har vorte bygd opp ei ny sommarhytte på same plassen.. Eigaren er Svein Rune Lekva.
Den nye hytta blei bygd i 1989.

3. Lireidhytta
Den tredje av stølane eig Anders Sognnes. Hytta er den største av dei nye hyttane og ligg mellom dei andre.

Stølane heiter 3 L på grunn av sameiget Lundeland, Lireid og Lekva, men det som og kan vere årsaka, er at dei tre stølane vart plassert i L- form.

CC BY-NC 4.0 3 L- stølane av nico_friedrich er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nico Friedrich
Kjelder: Munnleg informasjon frå Jens Christian Lundeland
Kommune: Lifjellet