TURTAGRØ
Turtagrø ligg i Luster kommune. Hotellet der vart bygt i 1888 pga stor handelstrafikk mellom aust og vest. Seinare vart staden eit senter for skisport og fjellklatring.
Plassering i kart
Historikk
Hotellet vart bygt i 1888 av Ola Berge. Samstundes sette Iver Nilsson Øyane opp annekset. I 1906 reiste Iver til Amerika og selde annekset til Ola Berge. I 2001 brann hotellet ned, men vart atterreist året etter. I dag er det Ola Drægni Berge som er hotelleigar. Det var den store handelstrafikken mellom Gudbrandsdalen og Sogn som var grunnlaget for at hotellet og annekset vart bygde.
Skisport og fjellklatring
Engelskmannen William C. Slingsby, også kalla fjellsportens far i Norge, budde mykje her. Han var den første bestigaren av m.a. Store Skagastølstind, den 21.juli 1876. I dei seinare åra har fjellklatring vore ein populær sport, og mange tar turen til det storslåtte Hurrung-massivet.
Vegetasjon
Turtagrø ligg i den lågalpine sona. Der er det variert vegetasjon med blåbærlyng, dvergbjørk og ulike vierartar. Planta turt er vanleg her og grunnlaget for namnet Turtagrø.
TURTAGRØ av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.