Trekrypar (Certhia familiaris)

Trekrypar
Trekrypar er ikkje så lett å få auge på. Han klatrar i spiral rundt trestammane på leiting etter mat.
Plassering i kart
Trekrypar
Då eg var yngre, ca 13-14 år, var eg på tur i skogen. Sola skein og fuglane kvitra.
Plutseleg høyrde eg ein skarp, skjærande lyd.
Trekryparen leitar etter mat under ei grein på ei stor eik.
Etter det eg visste, var det varsellyden til ein fugl, som var irritert over at eg var så nær. Men dette høyrdest verre ut enn det.
Nesten som ein fugl som var i ferd med å bli eten. Eg gjekk etter lyden, men eg fann ikkje noko reir. Eg stod rett framfor eit gamalt bjørketre, der borken hadde lausna litt.
Lyden kom derfrå. Ca 1,5 meter over bakken, var det eit hol.
Nysgjerrig som eg var, klatra eg opp stammen for å sjå.
Før eg fekk sett inn i holet ,kom det ein hoggorm og glefsa etter andletet mitt.
Han rakk ikkje fram, men refleksane mine reagerte, og eg landa på ryggen på bakken.
Eg hadde lyst å få med meg kva som var der oppe i reiret. Eg måtte få ut hoggormen på ein eller anna måte, så eg slengte ein tjukk stokk på det falleferdige treet. Det sveia så mykje at
hoggormen spratt ut.
Eg venta i 10 min for å vere sikker på at det ikkje var fleire der oppe.
Eg klatra opp for andre gang. No såg eg at hoggormen, som prøvde å bite meg, hadde ete opp fugleungane.
Det låg to daude ungar, men trekryparen legg 5-6 egg, så han måtte ha ete dei andre og.
Om han hadde bete meg, hadde eg kanskje ikkje fått gift i meg, for den hadde han allereie brukt opp på fuglane.
Hoggormen tek nok ein del fugleungar, også om reiret ligg oppe i eit tre. Han hadde nok smoge seg opp mellom veden og del lause borken.
-
Trekrypar Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Trekrypar Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Trekryparen har lagt fyrste egget. Reirmaterialet er einebast og nokre tynne grankvistar.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Trekryparreir i ei gammal utlade.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Trekrypar i furu. Kamuflasjefargen er upåklageleg. Foto: Svein Hjelmeset okt.-04 all-rights-reserved
Trekrypar (Certhia familiaris) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.