Sidemeny+

Svarttrast (Turdus merula)

Posted on 29. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Svarttrast hann ein vinterdag.

Svarttrast hann overvintrar som regel på Vestlandet. Han er ein flittig gjest på fuglebrettet. Tidleg om våren kan du om kvelden og om morgonen høyre dei klokkeklare, melankolske tonane frå denne fuglen.

Plassering i kart

Svarttrast

Ca. 27 cm. ♂ er glinsande svart med lysande gult nebb og gul ring rundt auget. Unge ♂ har brunt nebb om hausten, som blir gult på våren. ♀ er «mørkegråbrun» med svartbrune flekkar. Nebbet til ♀ er brunt. Sangen litt «melankolsk» med djupe og fyldige tonar. Lever opp til 70° nord i skog med busker og kratt med adgangt til opne stader. Hagar, parkar men også på nesten nakne kystøyar. Dei lagar reiret sitt i tre, busk eller på bakken. ♀ byggjer reiret av mose, lauv, strå, blad og lav blanda i jord, og fôrar det med fine røter og strå.
Legg 4-5 egg som liknar vedlig på gråtrasten sine. 1-2 kull i apr.-mai og juni-juli. ♀ rugar i ca. 13 dagar. Et meitemark, sneglar, insekt, bær ol.
Trekkfugl som reiser i september-november særleg til dei britiske øyane.
Gamle ♂ overvintrar ofte.

CC BY-NC 4.0 Svarttrast (Turdus merula) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rasmus Rygg Årdal 10a 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU