Sidemeny+

Stjertmeis

Posted on 8. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Stjertmeis

Stjertmeisa er ein vanleg fugl i Nordfjord. Byggjer fine reir som er vanskelege å finne

Plassering i kart

Stjertmeis Ca. 16 cm. Hann og ho er like. Svært lang stjert, snøkvitt hovud og rosa skuldrar og kroppsside. Standfugl som greier seg gjennom harde vintrar. Nesten aldri i ro, og trekkjer frå stad til stad ofte i små flokkar. Hekkar heller sparsomt i lauv- og blandingsskog i Sør-Norge. Reir i greinklype (som regel i bjørk). Bilda viser at fuglen også kan byggje reiret sitt i til dømes selje. Stort reir som er overbygt og pæreforma. Inngang øverst på sida. Byggemateriale: mose og spindelvev, kamuflert utvendig med lav og bjørkefrynser, fora med svært mange fjør. Egg 10-12(16) blir lagde i april/mai. Egga er kvite med raude flekkar. Hofuglen rugar i 13 dg. Ungane blir i reiret i 15-18 dg. Er du heldig og får sjå ungane forlate reiret, er det tydeleg å registrere at dei har bodd trangt i reiret. Den lange stjerten er heilt bøygd den fyrste tida.

CC BY-NC 4.0 Stjertmeis av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003