Sidemeny+

Stare (Sturmus vulgaris)

Posted on 28. jan 2004 by in Dyreliv

Det var så mykje meir stare før i tida seier mange. Kan dette henge saman med at han hadde mange fleire plassar å finne holrom for reira sine då? Likevel er det bra store stareflokkar å sjå når trekket nærmar seg i slutten av oktober.

Plassering i kart

Kjenneteikn
Staren er om lag 22cm lang, og du kjenner han godt igjen med si metallglinsande svarte fjør drakt, og sterkt karakteristiske vårsong som inneheld hermelydar. Om hausten skiftar han fjørdrakta si til vinterdrakt som har små, kvite flekkar.

Utbreiing
Du kan sjå han over heile landet, og i Finnmark held han seg nær kysten. Utbreiinga har variert ganske mykje gjennom siste hundreåret. I 1970- og 80-åra, blei ein kraftig tilbakegang registrert pga forgiftningar. Det hekkar om lag 200 og 500 tusen par i Noreg.

Forplanting
Når du finn staren nær ei fuglekasse og han trår til med si høglytte markering, er det eit skikkeleg vårteikn. Han kan hekke i mange og ulike holrom, og fleire par kan gjerne etablere seg nær kvarande. Han nyttar fuglekassene dersom at det ikkje er andre holrom å finne. Dei same fuglane kan kome tilbake fleire år på rad, og staren kan bli opptil 16 til 17 år gamal ( maks. 21 år). Det er mykje fleire hannar enn hoer, så hannen forsvarar reiret sitt mot inntrengjarar. Likevel er han ikkje så godt beskytta for predatorar. Dei 5-6 egga er lyse-blå og bli ruga på i 12 dagar, og det er frå siste egg er lagt. Ungane forlet reiret etter 20 dagar. Det er då det er størst predasjonstrykk frå kråke og kattar.Næring
Han har ein vegtabilsk næring som er: korn, frø, frukt, men ungane blir fora med meitemark, sniglar, edderkoppar og meir.

Tilpasning
Staren er ein av dei tidlegaste trekkfuglane, som vanlegvis er her i mars – fyrste eller andre veka. Dette er to månader før eggelegginga, noko som er uvanleg for ein trekkfugl. Dei vaksne, og ein god del ungfuglar kan fortsatt finnast i store mengder ute ved kysten langt ut i oktober. Ein god del kan også overvintre ved kysten.

CC BY-NC 4.0 Stare (Sturmus vulgaris) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Edvard Aske 9c 2006
Kommune: Gloppen