Spurvehauk (Accipiter nisus) Sparrow hawk

Nokre av dei fem nyklekte spurvehaukungane
Spurvehauken hekkar fleire plassar i Nordfjord. Fuglen er lettast å sjå om vinteren, for då kan han plutseleg vere der og snappe ein fugl som oppheld seg på foringsplassen. Trast og mindre fuglar tek han gjerne i flukt.
Plassering i kart
Spurvehauk Ca 30-40 cm, og hoa er mykje større enn hannfuglen. Kan opptre i bystrok. Spesielt om vinteren når det er knapt om mat. Fuglen har tverrband på undersida (sjå bilde). Hofuglen sitt varselskrik ved reiret er kekk, kekk, kekk. Hannen sitt varselskrik er lysare kikk, kikk, kikk. Ganske vanleg fugl i Nordfjord. Reiret blir som regel bygt oppe i ei gran 5-10 m over bakken. Byggemateriale er tynne kvistar. Reirskåla er flat og dekt med barkflak. 4-5 (2-8) egg i mai. Farge: lyst grønkvite med gråfiolette og mørkebrune flekkar. Hoa rugar i 32-41 dg (pr egg). Ungane blir i reiret i 24-30 dg. Lever av småfuglar og smågnagarar. Trekkfugl som kjem i mars/april og reiser i sep/okt til Sør-Vest- Europa. Som ein del andre trekkfuglar, er det fleire og fleire som held seg i landet no.
-
Nokre av dei fem nyklekte spurvehaukungane
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Spurvehauk ved reiret sitt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Spurvehaukegg
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Den skadde spurvehauken har tydelege tverrstriper i brystet. Dette er eit teikn på at han er vaksen. Menyen er ferskt hjortekjøt. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Spurvehauk til venstre og hønsehauk til høgre.
Spurvehauk ho kan vere like stor som hønsehauk hann. Er ringen rundt auget gul, er det spurvehauk. Hønsehauken har svart ring rundt auget. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Spurvehauk i flukt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Denne spurvehauken fanga ei trast i flukt og kolliderte med eit vindauge. Etter eit døgn inne på Gloppen ungdomsskule, vart han i fin form att. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Fluktbilde av spurvehauk Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Spurvehaukteikning Foto: Elise Øygardall-rights-reserved
-
Vaksen spurvehauk Foto: Lars Oddvar Bjørkelandall-rights-reserved
-
Spurvehauk i Sandane sentrum Foto: Lars Bjørkelandall-rights-reserved
Spurvehauk (Accipiter nisus) Sparrow hawk av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.