Sidemeny+

Spettmeis (Sitta europea)

Posted on 8. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Spettmeis (Sitta europaea)

Spettmeisa er ganske vanleg i Nordfjord, og er ein svært spesiell fugl på mange måtar. Ein treakrobat av den sjeldne sorten, og skaffar seg mat på dei merkeligaste vis. Ho kan også vinne over rovfuglar som er mykje større enn ho sjølv. Søk på kattugle.

Plassering i kart

Spettmeis
ca. 15cm. ♂ og ♀ er nesten heilt like. Ein tett «plugg» med stort hovud og eit rett, «meiselforma» nebb. Styrken til nebbet blir understreka av den framragande svarte augestripa. Dette er ein svært spesiell fugl på mange måtar. Når han skal ha seg mat, hentar han ofte ei nøtt nede frå bakken og tek ho med seg opp i eit tre. Der plasserar han nøtta omhyggelig ned i ein fast sprekk. Han hakkar på nøtta til ho klovnar.(sjå bilete) Her kjem det kraftige nebbet godt med.
Spettmeisa er også den største «treakrobaten» av alle fuglar. Han er den einaste som er i stand til å faktisk klatre NEDOVER bratte trestammar utan problem. Han sprintar nedover stammen i ein voldsom fart. Han nyttar heller ikkje stjerten til støtte. Dette er noko dei aller fleste fuglar gjer.
Spettmeisa rugar i 15-18 dagar på 6-8 kvite egg med rustraude flekkar.
Om spettmeisa hekkar i ein fugleholk, kan ho lett jage bort større fuglar som alt har teke i bruk reirplassen. Spettmeisa «murar» igjen holet til det er passe stort berre til ho, og større fuglar må finne seg ein annan plass å legge reiret sitt. Ho kan til og med jage bort kattugle på denne måten.
Svært utprega standfugl, og ein fantastisk og spesiell fugl.

CC BY-NC 4.0 Spettmeis (Sitta europea) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rasmus Rygg Årdal 10A, 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift V/GU
Kommune: Gloppen