Sidemeny+

Snøspurv (Plectrophenax nivalis)

Posted on 24. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Snøspurv hann

Du må som oftast høgt til fjells for å treffe snøspurven. Er du litt nysgjerrig på denne fuglen, er det berre å ta turen opp på Tverrfjellet frå april og utover til september. Det er fleire par som hekkar i det området. Det er ein triveleg fugl som likar seg i steinødet litt over 1000 moh.

Plassering i kart

Snøspurv
Snøsporven er om lag 17 cm stor. Du kjenner hannen fort på den kontrastrike, kvite og svarte drakta. Når han fyk, er det dei påfallande lange kvite vengene med svarte spissar ein legg mest merke til. Hoa er mindre kontrastrik. Ho er nærmast brun og gråkvit. Om hausten og vinteren er hannen meir lik hoa. Lokketonen til snøsporven er eit blaut ?tiev?. Når han flyg, er det toppmeisliknande pirrirri. Songen kling vakkert i fjellaudet. Det liknar litt på lapsporven sin varierande song.

Hekking
Snøsporven hekkar for det meste i høgfjellet over store delar av landet, men du kan ?og finne han i lavregionen og øvre delar av vierregionen. I Nord-Noreg er han vanleg heilt ut til kysten. Dei hekkar for det meste i blokkmark og ur med lite vegetasjon. Snøsporven reiser til hekkeplassane sine tidleg i april-mai. Ein del av fuglane som hekkar på fastlandet overvintrar langs norskekysten, men ein del trekker og sørover og overvintrar i Danmark, England og Frankrike. Fuglane som hekkar på Svalbard overvintrar i Russland og Kasakhstan. Reiret blir laga av Hoa. Ho byggjer det av strå, mose og fôrar det med fjør og hår. Ho byggjer reiret gjerne under ei steinblokk eller djupt nede i ei steinrøys. I mai-juni legg hoa 5-6 egg i det lune reiret. Fargen på egga varierer mykje. Dei er ofte kvite eller blåkvite med grå, brunaktige og svarte flekkar. Hoa ligg på reiret å rugar i om lag 10-13 dagar. Etter at ungen er klekt ut, blir han i reiret frå 13 til 17 dagar. Ungfuglen liknar på hoa.

Mat
Snøsporven et for det meste frø, men også insekt som edderkoppar og småsneglar.

CC BY-NC 4.0 Snøspurv (Plectrophenax nivalis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Matias Urke Myklebust 9c 2006
Klassetrinn: 9. kl
Kommune: Tverrfjellet