Risnesstien til topps.
I over 100 år har Risnesstien blitt brukt for å kome seg opp på Lifjellsplatået.
Han vart i si tid laga av brukarane på Risnesgardane.
Stien var i sommarhalvåret i dagleg bruk for folk og fe.
Dyr vart førde til fjells, og smør, ost og mjølk til gards.
Plassering i kart
Mykje arbeid med stien
Denne stølsvegen har blitt brukt i godt over 100 år.
Stien blei laga av Risnesfamiliane. Dei arbeidde seg fram med boring,
krut,mura og planerte. Endeleg var det mogleg å kome heilt til topps,
og studerer du anlegget frå fjellfoten opp gjennom skorer og skrentar,kan du ikkje anna enn å verte litt imponert.
Frå stølsveg til tursti
Stien blei brukt kvar dag til å frakte opp dyr,reiskapar og
material og til å frakte ned smør og mjølkeprodukt.
Ferdsla til og frå stølane heldt fram til 1930 åra, då blei drifta lagd ned.
Folk begynte å bli ivrige brukarar av
Risnesstien på 40-talet, men då som ein tursti.
Marsjen til Lifjellets høgaste punkt,
Risnesnipa på 777 m.o.h, tar om lag 2.timar, og stien er lett å følgje, for merkinga vert friska oppatt kvart år.
Pust i bakken !
Stien har nokre fine utkiks- og kvileplassar.
Ein av dei er «Døra», og halvvegs opp kjem du til «Leland».
Stien er ikkje altfor bratt, og er lett å gå.
Fekk du lyst på ein lifjellstur no, er det berre å ta turen til Risnes. Parker der, og lifjordingane syner deg meir enn gjerne utgangspunktet til fjellheimen deira.
Risnesstien til topps. av stian er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.