Ringtrast (Turdus torquatus)
Ringtrasta likar seg gjerne best like over skoggrensa.
Plassering i kart
Ringtrast
Ringtrasta er ca.27cm. Den kan lett forvekslast med svarttrast, men har ein kvit halvmåneforma flekk på brystet. Hannen er matt svart, og hoa er som regel brunare og ofte med smalare, mindre fremtredande brystflekk, lysegrå kantar på svingfjærene gjør vinga lysere enn kroppen.
Nebbet er gult hos hoa, og overveiende brunt hos hannen.
Haust- og vinterdrakta liknar vårdrakta men brystflekken hos hannen er meir skittenkvit, og hos hoa er den brungrå og ofte lite synlig. Hannen sitt nebb er brunaktig. Ungfuglen er brunspragla utan brystband.
I trekktida kjem den med eit snerrande «dsjerrr», Varsellåten er eit tørt og smekkende «tækk tækk». Sangen består av nokre klare tonar og varierar.
Ringtrasta er ganske vanleg-fåtallig langs hele kysten fra Vestlandet og nordover. Dessutan spredt i innlandets fjelltrakter (bjørk- og vierreg.), delvis også i barskogsområdet. Særlig i bratte fjellsider og lier.
Ringtrasta lagar reir oftast i einer, på ein fjellavsats eller på bakken. Hannen og hoa bygger reiret av kvist, strå, mose, blad, jord og fôrer med strå.
Hoa legg 4-5 (3-6) blågrønne egg med brune flekker. Ho får 1-2 kull i (april)-mai-juni og juni-juli. Både hannen og hoa rugar i ca.14 dagar. Ungenes reirtid er ca.14 dagar
Ringtrasta et meitemark, snegler, insekter, bær og etc.
Den kjem i (mars)-april-mai og reiser i september-november til Sv-europa og Nv-Afrika.
Enkelte overvintrar.
-
Ringtrast
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Ringtrastereir i ein liten eine våren 2002.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Ringtrast Foto: Teikning: Erlend Eide -04cbn
-
Ringtrast Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ringtrast i flukt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Ringtrast (Turdus torquatus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.