Sidemeny+

Raudvingetrast (Turdus iliacus)

Posted on 9. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Rugande raudvingetrast inst i Jølet.

Raudvingetrasta er ein trekkfugl som er i Norge frå april til oktober. Om hausten før fuglen trekkjer sørover, samlar han mykje energi ved å ete bær frå hekkane, spesielt contornasters.
Lever i skogtrakter og område med buskvegetasjon i heile landet, også i hager og parkar. Ho er 20 cm og den minste av trastene.

Plassering i kart

Raudvingetrast
Dei raudbrune sidene og den lyse stripa over auget gjer at ho neppe kan forvekslast med den litt større måltrasta. I motsetning til gråtrasta, er ikkje raudvingetrasten kolonirugar. Om hausten samlar derimot raudvingetrastene seg i store flokkar, ofte saman med andre traster.

Hekking
Raudvingetrasta legg reira sine i busker eller lågt i eit tre. Ho legg 4-6 grågrønne egg med raudbrune flekkar, i mai. Hoa rugar i 12-14 døgn. Ungane blir i reiret i 11-14 dagar. Trekkjer i september-oktober til Sørvest-Europa og vender tilbake i april. Enkelte overvintrar hos oss.

CC BY-NC 4.0 Raudvingetrast (Turdus iliacus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjørnar Kaale 10a 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU