Raudstrupe (Erithacus rubecula)
Raudstrupen er eigentleg ein trekkfugl, men nokre overvintrar her i Nordfjord.
Plassering i kart
Raudstrupe
Raudstrupe (Etrihacus rubecula)
Både hoa og hannen er ca.15cm. Dei har ein umiskjennelig stor raudgul strupeflekk. Han hoppar rundt på bakken og i kratt, på forholdsvis høge bein og med lett senka vinger. Raudstrupen er ganske tillitsfull, og ungfuglen er sterkt spraglete. Han har ein karakteristisk lokketone, fin tikkande låt som minner om eit urverk som blir trekt opp, dessutan et langtrekt «siiih». Songen er eit lidenskapelig utbrot av skjelvande, slørete tonar, ofte fra tretoppar. Han er meir eller mindre vanlig i all slags skog, ikkje over bartregrensa, nord for Saltdalen sprett til Kvænangsbotn. I Finnmark er den tilfeldig. Reiret er godt gjømt på bakken, hoa bygger det av mose, tørre blader, fine strå, rottrevlar og hår. Hoa legg i mellom 6-7 egg, dei er kvite eller gulkvite med små, matt raudbrune flekkar. Den får 1-2 kull i (apr.)-mai-juni og juli. Hoa ruger i ein 12-14 dagar, og ungane er i reiret i 13-15 dagar. Raudstrupen et insekt, meitemark og diverse bær. Raudstrupen kjem i april-mai og reiser i september-oktober, til SV-Europa og De Britiske øyer. Men det er enkelte som overvintrar.
Raudstrupe (Erithacus rubecula) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.