Sidemeny+

Orrfugl (Tetrao tetrix)

Posted on 28. jan 2004 by in Dyreliv

Orrfuglbestanden er ganske bra i Nordfjord, men på 1960-talet var bestanden mykje større. Rundt 1970 trekte ein del av orrfuglen ut til kysten. Det er spennande å jakte både på orrfugl og den litt større tiuren.

Plassering i kart

Kjenneteikn
Orrfuglen er den nest største av hønsefugleartane i Noreg. Hannen er om lag 55cm og høna om lag 45cm lang. Orrfuglen har ei vekt på om lag 1,2 – 0,9 kg. Orrhøna er brun spraglete som gjev ein svært god kamuflasje. Orrhanene er mørkare, mest i det sarte. Halen er litt kløfta. Han skil seg frå røya på storleik og farge.

Utbreiing
Orrfuglen kan du finne på Sørlandet, heilt nord til Nord-Troms og litt i Finnmark. Du finn hanfrå kysten og heilt opp til bjørkebeltet. Hovudutbreiinga er i barskog og bar blandingsskog, men du kan også sjå den nær røsslyngheiene på Vestlandet og i reine bjørkeskogar. Den likar helst ein variabel skog med mykje bjørk, der han held seg mesteparten av vinteren. Høner med kyllingar ser du ofte i fuktig, gamal skog der det er mykje insekt. Om sommaren og ved kysten et orrfuglen for det meste blåbær på bestemte områder. I Noreg er de om lag 200 til 400 tusen orrfugl, og bestanden har vore ganske stabil dei 20 siste åra.

Forplanting
Orrfuglen er polygam og hanane samlar seg på speleplassar, der dei etablerer i grupper. Det kan vere opp til 50 hanar samla. Dei oppsøkjer plassane allereie i februar, men orreleiken er på topp i april/mai. Hønene oppsøkjer speleplassen på slutten. Den omtalte høneveka er den tida då paringane føregår. Etter paringa dreg høna eit stykke frå leiken og finn eit område ho kan legge egga sine. Orrhøna legg 8 ? 10 egg i mai/juni som bli ruga av høna i 25 ? 27 døgn. Omlegging kan vere aktuelt om det fyrste kullet blir øydelagd. Ungane forlet reiret så fort dei er tørre og finn sin eigen mat. Dei kan fly allereie etter 2 veker, men held seg i kullet i 3 mnd.

Næring
Næringsvalet varierer med årstida og alderen. Kyllingane et dei fyrste 20 ? 25 dagane insekt, men går gradvis over til plantekost som om sommaren er mykje blåbær. Dei kan også ete urter som harerug og marimjelle. Dei vaksne et om sommaren også mykje blåbær, harerug og enkelte andre urter. Om vinteren er raklar av bjørk det dei et mest.Tilpasning
Om vinteren slår orrfuglen seg saman i større eller mindre flokkar. Dei held seg fast saman og held seg innanfor små områder på 1 til 6 km2. Vaksne hanar brukar stort sett mindre områder enn høna og ungfuglen. For å unngå predasjon (bli mat for rovfugl/-dyr) er det vanleg at orrfuglen dykkar seg under snøen når snøforholda er gunstige.

CC BY-NC 4.0 Orrfugl (Tetrao tetrix) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Edvard Aske 9c 2007
Klassetrinn: 9. kl
Kommune: Sandane