Sidemeny+

Munk Latin:Sylvia atricapilla Litauisk:Vieversys

Posted on 29. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Teikning: Marie Støyva 9acbn

Munk hann og ho.

Munk er ein fugl du sjeldan ser, men han er mellom dei fuglane som syng finast. Det er også vanskeleg å finne reiret, for fuglen er ganske sky.

Plassering i kart

Munk
Munken er ca.14 cm. Hannen har ei svart hette og hoa har ei brun hette.
Ungfuglen liknar på hoa. Fyrste delen av songen er ein nølande kvitring som går jamt over i eit rytmefast motiv med kraftige, vakre, krystallklare tonar. Varsellyden er fleire ?tækk?.
Du finn han i lauv- og blandingsskog nord til Salten i Nordland, alminnelig i kysttraktene til Trondheimsfjorden, fåtallig innanlands og nordpå. Han er tilfeldig sett i Troms og Finnmark.

Hekking
Munken lager reir lågt i ei busk eller i små tre. Han byggjer det av strå, kvistar og fôrar det med fine strå, rotfibrar og tagl. Hannen bygger før hoa kjem og det blir mange uferdige ?hannreir?.
Hoa legg 5(4-6) egg i mai-juni og egga er lysare eller mørkare gråkvite med gråbrune og svartbrune flekkar.
Hoa ruger i 11-14 dagar og ungane blir i reiret i 10-14 dagar.
Munken lever av insekt og om hausten blir det mykje bær.
Han kjem i april/mai og reiser igjen i september-oktober til dei austlege middelhavslanda og aust-afrika, men enkelte overvintrer.

CC BY-NC 4.0 Munk Latin:Sylvia atricapilla Litauisk:Vieversys av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kenneth Solheim 10b 2005