Linerle (Motacilla alba)
Linerle.
Linerla kjenner dei fleste. Det er eit sikkert vårteikn når denne fuglen viser seg. Ho er selskapleg av seg og likar seg nær folk. Slektningane til linerla; gulerle og vintererle, ser ein stort sett berre i trekktida vår og haust i Nordfjord.
Plassering i kart
Linerla er ca.19 cm. Hannen og hoa er svært like, men hoas svarte smekke og hette er ikkje så intenst svarte som hos hannen, hoa har dessuten ofte grå flekker i det kvite på pannen. Om hausten og vinteren har hoa og hannen kvit hake og strupe med et halvmåneformet svart brystbånd, dei svarte hettefjæra har grå bremmer, som nesten dekker det svarte. Ungfuglen er brunere enn dei vaksne. Linerla lokker muntert med «sivit, sivit», sangen er kvitrande.
Linerla er vanlig og sjå over heile landet, særlig i kulturmark og bebyggelse, men også ved vassdrag langt fra folk.
Linerla bygger reir under takstein, i vedstabler og steinrøyser. Ho bygger reiret av visne blader, strå, rottrevler, fjær og hår.
Ho legg opptil 5-6 (4-8) egg. Egga er kvite med små brunaktige eller askegrå flekkar.
Hoa får 1-2 kull i (april)mai og juni-juli. Hannen og hoa ruger i 12-14 dager, ungenes reirtid er 13-16 dager.
Linerla spis insekter. Linerla kjem i (mars)-april-mai, og den reiser august-oktober til dei østlige middelhavslanda, Nordvest-asia og nordøst-afrika, men enkelte overvintrer.
-
Linerlereir i motoren i ein traktor. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Merkeleg reirplass.. inne i motoren på traktoren til Reidulf Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Linerle (Motacilla alba) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.