Lauvmeis (Parus palustris)
Lauvmeisa forar ungane sine.
Du har heilt sikkert sett meisa på fuglebrettet med solsikkefrø i nebbet. Ho er ein av dei mest vanlege fuglane på fuglebrettet vårt. Ho er veldig lik granmeisa, men lauvmeisa har heilt anna sang, glinsande svart isse, ikkje rein kvitefarge på kinna og manglar den kvitaktige stripa som går langs vingene.
Plassering i kart
Standfugl
Lauvmeisa er ein standfugl som likar seg i lauv og blandingskog, og i parkar og hagar. I Noreg er ho vanleg nord til Trøndelag. Ho er på storleik med ei blåmeis og det vil sei 11-12 cm, og ho veg ikkje meir enn 11 gram.
Ofte to ilag
Lauvmeisa opptrer oftast parvis. På menyen har ho ugrasfrø, insekt, edderkoppar og tistelfrø. Ho samlar ofte frø som ho gøymer og har til vintermat. Kring april-juni legg hoa 7-9 kvite, raudflekkete egg (sjå bilde). Meisene startar ikkje ruginga før alle egga er lagde. I eggleggingsperioden er reiret heilt tilrota og egga nedgrevne. Det kan sjå ut som om reiret er øydelagt og forlete.Hoa rugar i 12-14 dagar og ungane forlet reiret etter 16-21 dagar.
Reiret
Reiret er bygt av mose, hår og ull og ligg som regel i naturlege holrom i tre eller i fugleholkar. Granmeisa som er så lik lauvmeisa, høgg alltid ut reirplassen sjølv. Reiret er og bygt av anna materialar. Istaden for mose brukar granmeisa einebast og meir trevlar. Ho forar reiret stort sett med ull.
Vil du høyre sangen til lauvmeis og granmeis, finn du den på www.fjellatlas.no
-
Lauvmeisegg
Foto: Svein Hjelmesetcbn
Lauvmeis (Parus palustris) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.