Låvesvale Latin:Hirundo rustika Litauisk:Selmenine kregzde
Låvesvale er ein vanleg fugl som kjem til Nordfjord i mai/juni. Byggjer reir i gamle låvar rundt om på gardane. Reiret er ei blanding av leire, rottrevlar og spytt. Det kan kittast fast til ein bjelke eller ei murflate. Reirskåla er som oftast fora med kvite fine fjør eller dun.
Plassering i kart
Låvesvale Låvesvalen er ein fantastisk flygar.ca 20 cm Hann og ho er like. I flukta er fuglen lett å kjenne på den lange pinsettformete stjerten (Saksesvale) og på nært hold på den rustraude panne- og strupeflekken. Taksvale og sandsvale har begge kort stjert; taksvalen kjenner du elles på den kvite overgumpen. Ungfuglen liknar dei vaksne, men fargane er mattare og stjerten er kortare. Likar seg best i ope landskap. Føde: små flygande insekt. Byggjer reiret ofte på ein bjelke i eit uthus. I mai-juli legg låvesvalen 4-7 kvite egg med raudbrune flekkar. Rugar i 12-13 dagar og ungane blir i reiret i 16-23 dagar. 1-2 kull/år.
Låvesvale Latin:Hirundo rustika Litauisk:Selmenine kregzde av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.