Sidemeny+

Kvernsteinshogging – krevjande kunst

Posted on 29. jan 2004 by in Arbeidsliv

Foto: Chris Endré Sellevoll Nondalcbn

Kongeparet opna Kvernsteinsparken 11 juni 2002

Alle snakka om dei, men ingen gjorde så mykje med det før seinvinteren i 1998. Då fekk ein 9. klasse ved Hyllestad skule lov til å leite og grave litt i haugane aust for prestegarden på Myklebust, og då dukka dei opp – kvernsteinane. Under eit tynt lag av jord og mose låg dei der, heile og halve, lause og faste, store og små, og fortalde historie som både lekmann og lærd tykte var spanande.

Plassering i kart

Ein høveleg stad

Berga kring Åfjorden er spesielle, for i krins kring fjordarmen finn du den slitesterke granatglimmerskiferen som er heilt fortreffeleg når kornet skal knusast til mjøl. Med andre ord: ein kvernstein i slikt emne var kvalitet.
Vegen til sjøs med produkta var heller ikkje lang og ulendt, og berre dei verste nordvestråsene kunne gjere hamnetilhøva vanskelege.
Og folket kring fjorden greip sjansen, og i dag kan du sjå fullt av vitnemål om denne handverkstradisjonen som for nokre hundre år sidan truleg hadde eit enormt omfang. På over tretti ulike stader vart det teke ut kvernstein.

Ein kvernstein som ikkje er ferdig hogd ut.
Foto: Chris Endré Sellevoll Nondalcbn

Ein kvernstein som ikkje er ferdig hogd ut.

Arbeidet byrjar

Kvernhoggaren har alt løyst fleire steinar or berget denne dagen, og no gjer han klart for ein ny. Han held til på ei slett bergflate med fin lagdeling, så dette bør gå greitt. Fyrst ritar han ein krins som syner kvar han vil hente steinen or berget, og kor stor han skal vere. No er det fram med meiselen og små hol vert hogne tett i tett ved sida av kvarandre. Djupare og djupare vert hola, og fjellet mellom dei sprekk så det heile til slutt er som ei grop med djupn på godt og vel 5 centimeter, altså noko tjukkare enn kvernsteinen skal vere. Snart er gropa djup nok, og hoggaren byrjar å hogge skrått innover frå sidene, tett i tett med hol her også. Så står berre det vanskelegaste att: å løyse steinen frå berget, men bergmannen har mange års røynsle bak seg, og meiner det skal gå greitt, men enkelt er det ikkje. Hadde det vore løyst stein frå berget her før, var det rimeleg greitt, for då var det enkelt å kome til frå sida, men dette var altså den fyrste steinen frå flatfjellet.

Frå berg til stein

Finst det noko fasitsvar på korleis steinen vart løyst frå berget, eller gjekk svaret i grava saman med den siste kvernhoggaren ? Det finst nokre teoriar om dette, og grunnen til at svaret ikkje ligg i dagen, er nok at det kring kvernsteinsberga er gjort lite funn av reiskapar som kan gje svar på gåta.

Frostsprenging kanskje ?

Dersom berget var horisontalt kunne ein sprengje laus steinen ved hjelp av vatn og frost. Denne teorien vart i alle fall lansert av nokre. Når frosten kom, tømde dei vatn rundt gropa kring steinen.Vatnet rann så inn i meiselhola, og så venta kvernhoggaren på frost som skulle sprengje laus kvernsteinen. Denne teorien er nokså tvilsam, for korleis gjorde dei det viss berget var skrått? Nedi fjøra var det heller ikkje mange kuldegradene å hjelpe seg med når steinen skulle løysast.

Trepluggar som trutna

Kile ut steinen ved hjelp av trepluggar: fuktig treplugg utvidar seg og kan ha hatt ein sprengjande effekt og sprengje laus steinen.

Men desse teoriane er ganske usikre.

CC BY-NC 4.0 Kvernsteinshogging – krevjande kunst av chris_nondal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Chris Endrè Sellevoll Nondal, 2004
Kjelder: Artklar frå Sogeskrift for Hyllestad. Utdrag frå fagbøker skrivne av Johs. B. Thue og Irene Baug.
Kommune: Myklebust