Sidemeny+

Kongeørn (Aquila chrysaetos) Golden eagle

Posted on 21. jan 2004 by in Dyreliv

Det har vore spennande å observere kongeørna i hekkesesongen. Kjem du nær reiret stikk ho berre stilt og roleg av i håp om at du ikkje skal oppdage sjølve reiret. Norges nest største fugl er mellom 3-6 kg og har eit vingespenn på opp til 225 cm. Reiret ligg som regel utilgjengeleg til under eit overheng i ein stupbratt fjellvegg.

Utsjånad og levevis. Den vaksne kongeørna er mørkebrun med gyllengul isse og nakke og er utfarga etter om lag 7 år. Kongeørna er forplantningsdyktig etter 5-6 år og paret held saman i livslangt «ekteskap». Ungfuglen har lyse felt både på under- og oversida av vingene. Det er vanleg at folk forvekslar kongeørna med den mykje mindre fjellvåken. Han har lysare vinger med ein karakteristisk mørk flekk under vingeknoken. Fjellvåken skrik også stygt om han hekkar i området. Kongeørna er utbreidd i Europa, Asia, Nord-Afrika og Nord-Amerika Kongeørna er freda. I 1846 vart det innført skotpremie på kongeørna i Norge, og bestanden gjekk kraftig tilbake. Fyrst i 1968 vart kongeørna freda og i dag er bestanden stabil. I 2002 rekna ein med at det hekka mellom 850-1200 par i Norge. Revirtru. Kongeørna er revirtru og nyttar same reiret år etter år. Her i Gloppen veit vi at ørna brukte same reiret midt på 1930 talet som i dag. Det er fortalt at det i 1936 vart teke to kongeørnungar frå dette reiret. Eg har snakka med ein person som hugsa dei to ørneungane som var i forpleining på Mardal på den tida. Enkelte år kan ho stå over hekkinga. Andre år kan ho nytte reservereiret som ho har ein annan stad. Eg har sett at både havørna og hønsehauken ha reservereir. Reiret legg ho helst på ei hylle med overheng i ein bratt fjellvegg, eller i toppen av ei stor furu eller gran. Berre ein unge lever som regel opp. Rovfuglane startar ruginga når fyrste egget er lagt. Andre egget legg dei to eller tre dagar seinare. Det vert såleis aldersforskjell på ungane, og berre den som ser på dei vaksne når dei kjem med mat får servering. Den minste blir kua av den største, og svelt som regel i hel. På denne måten veks det som regel opp ein unge i kvart reir. Dette har skjedd også i Gloppen for eit par år sidan. To egg, to ungar, men berre ein av dei kom seg på vingene. Elles har det vore berre eit egg i reiret siste åra. Rugeperioden varer i 40-45 dagar og ungen vert i reiret i 70-80 dagar. God jeger. Eg har vore heldig og fått studere fuglen på nært hald. Vaksne harar har som oftast vore på menyen. Det er spennande å sjå koleis fuglen fyrst seglar og speidar etter byttedyr, deretter stuper han mot det og seinare blir byttet frakta til reiret. Ramnen er stygg å plage både kongeørna og havørna. Her i Gloppen måtte ramnen bøte med livet. Kongeørna planta dei største kolsvarte ramnefjørene i reirkanten som trofe og kraniet fanne eg i terrenget under reiret. Ein kan og høyre at kongeørna tek ein katt i ny og ne, ja, til og med hundar må av og til bøte med livet for dei kvasse klørne til ørna. Det skal bli spennande å sjå om kongeørna har sett seg i respekt for ramnen i framtida? Barndomsminne frå ein gamal,utflytta gloppar Firda Tidend hadde ein svært interessant artikkel om ørnereiret som er i bruk også i dag, og som eg hugsar så godt frå mine gutedagar. Eg har sjølv vore opp og sett reiret, og kan endå sjå hylla i fjellsida der reiret ligg når eg går ein tur fram i dalen. Som ein utfyllande artikkel til Svein Hjelmeset, kan eg fortelje litt om noko som gjekk føre seg oppe i dette reiret og omkring ørnefamilien som budde der då. Det er nemnt at to ørneungar var i forpleining på Mardal i 1936. Etter det eg kan hugse, må det ha vore litt tidlegare, truleg i eit av åra 1933-34. Det var tre unge karar frå Mardal: Kristen P.Mardal, Ola Aaland og Knut Rauset som henta ørneungane ned og sette dei i eit nettingbur på Lågebakken (nå Reine) Ørneungane måtte ha mykje mat, det gjekk i gamle høner, slakteavfall, kaninslakt og trost.Det var mykje trost den tida, og dei jakta med salongrifler etter den. Dei skaut så mykje trost i Hundetjønnskogen at mange trudde den skulle bli utrydda. Ungane på garden fylgde godt med på det som skjedde her, og ein gong eg sto der og glodde på ørnungane, snudde den eine baken mot meg og sende ein kvit stråle av møkk mot meg. Eg fekk ein diger skitflekk på buksa og møkka rann nedover låret og kneet. Det lukta ikkje godt. Ørnungane hadde nok lært at dei ikkje skulle skite i eige reir, alt før dei kom ut i verda. Turistatraksjon Dei tre ørnefangarane hadde nok tenkt å gjere pengar på fangsten, og eg synes å hugse at dei snakka om å by ungane fram til Zoo i København og Hagenbechs dyrehage i Hamburg. Om dei prøvde, veit eg ikkje, men det var vanskeleg å bli kvitt ungane. Hugsar eg rett, hamna ørnungane til slutt i eit bur ved Yris Hotell i Olden som ein turistatraksjon. Kor lenge dei var der veit eg ikkje, men eg trur ikkje det var meir enn ein sesong. Forskningsoppgåve Eit eller to år seinare var det klekking i reiret att. Ola Aaland hadde ei avtale med forskarar ved Bergen Museum om å vege ungen gjennom oppveksttida for å sjå kor fort han vaks, og så skulle han notere litt om kva slags dyr og fuglar det låg att restar av i reiret, så dei kunne få litt greie på menyen til ungen. Eg veit ikkje kor mange gonger Ola var opp og vog ungen, men eg såg at han hadde ei bismervekt liggande ved reiret, så han hadde nok vore der fleire turar. Brørne mine , som var noko eldre enn eg, ville opp og sjå ungen, og eg fekk vere med. Det var vanskeleg å kome heilt fram til reiret, og eg måtte ha litt hjelp nokre stader. Då vi kom opp, var ungen ute av reiret, så vi vart litt skuffa. Det eg hugsar best var at det lukta vondt og at det var mykje fluger på matrestane. Stort matfat for ørna på -30 talet I desse åra då dette gjekk føre seg, var det svært mykje ryper i området. Rypegjegarane kom heim att med tunge bører, dei flinkaste kunne ha dagsfangstar på meir enn 20 ryper. Det var sikkert gode forhold for rovfugl også, og folk meinte det var fleire ørnepar som hekka i Jardalen/Langedalen/Breidalen. Dette er vel tvilsamt. Når ein ser kor stor aksjonsradius desse fuglane har og kor vide jaktmarker dei treng, så kunne dei nok vise seg fram på mange stader i løpet av ein dag, så folk kunne tru at det var mange ørnepar i fjellet.. Ørna var ikkje elska av saueeigarane den gongen heller, men eg kan ikkje hugse at eg høyrde om nokon som skaut ørn eller tok ho i glefse. Ein av brørne mine var på rypejakt oppe ved Svartekari straks etter krigen, og då såg han ei ørn nede i ei hylle i fjellet. Han prøvde seg med eit skot, men bomma. Takk til Leiv Solheim, Tønsberg for siste del av artikkelen.

CC BY-NC 4.0 Kongeørn (Aquila chrysaetos) Golden eagle av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen og Leiv Solheim 2005