Sidemeny+

Kjøtmeis Latin:Parus major Litauisk:Zile

Posted on 8. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Kjøtmeis hann

Kjøttmeisa finn ein om lag i heile landet. Dette er nok ein av dei fuglane folk flest kjenner. Gjennom heile vinteren kan du sjå ho på fuglebrettet, og om våren er det lett å kjenne igjen dei vårlege lokketonane som fuglen sender ut.

Plassering i kart

Utsjånad.
Fuglen er 15 cm og den største av meisene. Gode kjenneteikn er den svarte kalotten, dei kvite kinna og den gule undersida med ei markant svart stripe i midten.

Levevis/hekking
Ho held til i all slags skog, frå kysten og opp mot fjellet. Kjøtmeisa er ein vanlig hekkefugl i jordbrukslandskapet, i parkar og hagar. Ho kan hekke i alle slags holrom i bygningar, og brukar gjerne fuglekasser. Reiret er bygd av mose og fôra med hår og ull.
Egga er kvite med raudbrune flekkar.
Kjøtmeisa hekker i perioden april-juli. Dei legg 6-12 egg. Ruggetida er 12-14 dagar. Ungane er i reiret i 15-20 dagar. Kjøttmeisa får 1-2 kull i året. Det er hoa som byggjer reiret, medan hannen samlar byggematerialar, men deltek ikkje i sjølve bygginga. For å kunne mate dei svoltne ungane sine, forlet eit kjøtmeispar reiret opptil 1000 gangar i døgnet.
I gjennomsnitt overlever 2 av dei 12 kjøttmeisungane den fyrste vinteren.

CC BY-NC 4.0 Kjøtmeis Latin:Parus major Litauisk:Zile av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Vidar Sæthre 10a 2005