Sidemeny+

Hønsehauk (Accipiter gentilis Litauisk:Vistvanagis Eng: Gosehawk

Posted on 6. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Hønsehauken har to ungar i reiret i 2009

Ein del hønsehaukpar hekkar i Nordfjord. Han har fleire reir som han brukar i tur og orden år for år. Ca fyrste veka i april rustar han opp det reiret han vil bruke det året. For å kamuflere reiret, legg han friskt furubar på reirkanten.

Hønsehauk Hønsehauken er ca 55-65 cm. Ho-fuglen er større enn hann-fuglen, elles er dei like. Hønsehauk og spurvehauk også er ganske like. Dersom du ser på bildet, vil du finne ein tydeleg forskjell på dei to fuglane. Hønsehaukhannen liknar på ei ganske stor spurvehauk-ho.Hønsehauken er ein forsiktig fugl, og lever eit bortgjøymt liv inne i skogen.Ungfuglen er lengdestripa (sjå bilde), ikkje tverrstripa som dei vaksne. Ved reiret høyrest eit raskt "kekk-kekk-kekk"… Reir Hønsehauken byggjer reir i tre: av kvistar "pynta" med friskt furubar etc. Tverrmål minst ca 70-80 cm. 4(2-5) egg i april til mai, kvite med blågrønn tone. Hoa rugar på egga i 35-38 dg pr egg. Ungane er flygedyktige etter 35-40 dg. Hønsehauken er stand- og streiffugl. God jeger Han lever av mindre pattedyr og fuglar. Hønsehauken er ofte på jakt etter kråker, sjølv om han risikerer å få heile flokken etter seg. Ved fleire høve har han i sin iver hamna i store kråkefeller her i Gloppen. Når han er fanga i slike store nettingbur er det ikkje greit å vere verken kråke eller hauk. Av og til går hønsehauken i same fella som mange andre fuglar. Han blir lurt av vindu som han kræsjar i. Dette er fyrste gongen eg har høyrt om ein så dramatisk kollisjon. Nyleg kunne ein ivrig pensjonist fortelje denne sjølvopplevde historia: Ein flokk kråker var i lufta inne ved strandsona ved Gloppefjorden. Med eit vart det stor uro i flokken og ei kråke stupte mot vassflata. Både ho og hønsehauken som var etter henne enda i sjøen. Hauken slo klørne i kråka ca 15 m frå land. No brukte hauken kråka som flotør og padla seg inn til land ved å slå i vatnet med vengene sine. Etter å ha rista vatnet ut av fjørdrakta si, hadde hauken eit betre måltid, men resten av kråkeflokken skreik stygt rundt han.

CC BY-NC 4.0 Hønsehauk (Accipiter gentilis Litauisk:Vistvanagis Eng: Gosehawk av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Skaaden 9b 2003
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU
Kommune: Nordfjord