Sidemeny+

Havørn (Haliaetus albicilla) White tailed eagle.

Posted on 5. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Havørn

Den moderne havørna finn vi i Gloppen. Dei fyrste havørnungane i kommunen vart ringmerkte sommaren 2005. Mykje av maten fekk dei rett frå REMA 1000 posar som dei vaksne havørnene frakta til reiret. Litt anna mat vart det sjølvsagt og.

Majestetisk fugl Havørna er største fuglen i Norge. Ei vaksen havørn måler 2,5 meter mellom vingespissane. Ho veg mellom 4-7,5 kilo. Det er ein praktfull fugl som seglar fint på oppstigande luftstraumar. Etter 4-5 år er fuglen utfarga. Då er stjerten heilt kvit og nebbet er gult. Bilda viser tydeleg det gule nebbet til den vaksne havørna og det brunfarga nebbet til ungane. Reiret vert lagt på ei berghylle eller i eit stort tre. Fuglen har gjerne to reir å velje mellom i området sitt, og dei byggjer på reira år for år. Etter ein del år kan kvisthaugen bli stor, ja opp til fleire hundre kilo tung. Utryddingstruga fugl. Denne fuglen var utryddingstruga for nokre år sidan. "Aksjon havørn" som Alf Ottar Folkestad sto i spissen for, har gjeve resultat. I dag er mange av hekkeplassane på kysten opptekne, så havørna har trekt innover i fjordane for å finne nye hekkeplassar. I Nordfjord er det nok mange par som hekkar. Det er lett å uroe dei i den kritiske fasen, dvs når dei ligg på egg. 50 % av dei hekkande para kan av ulike grunnar avbryte ruginga. Egga legg dei alt i mars og rugar i 38 døgn pr. egg. Egga blir lagde annankvar dag. Opp til 3 egg kan ein finne i eit slikt reir. Ruginga startar når fyrste egget er lagt, så det vert aldersforskjell på ungane. Berre den (dei) eldste overlever om dei vaksne finn lite mat. Den minste ungen vert kua av den største. Rema 1000 posar. Ungane blir i reiret i 11- 13 veker. I denne perioden treng dei mykje mat, så dei vaksne er stadig på farten. I starten må ein av dei vaksne alltid vere nær reiret for å halde vakt så ungane får vere i fred. Havørnparet eg observerte i sommar drog reiret fullt av Rema 1000 posar og juice-kartongar. Posane som fuglen fann i Ivahola, var nok fulle av matavfall. Då var det praktisk å ta med heile berenettet attende til reiret. Ferskmaten var og variert: fleire fiskemåsar, gråmåse, kattugleungar og piggsvin. Ringmerking. Ei av dei vaksne ørnene er ringmerkt. Dei to ungane vart og sett ringar på i juni. Alf Ottar Folkestad sto for merkinga. Han kunne forresten fortelje at han ein gong observerte ein stor havørnunge og ein heilt liten ein i same reiret. Den små hadde også nokre sår på ryggen, men han var i fin form og tigga etter mat. I tillegg var han fjørkledd heilt ned til klørne. Det kunne altså ikkje vere ein havørnunge, men ein fjellvåkunge. Havørna måtte ha teke ein fjellvåkunge med seg som mat til sin eigen unge. Etter å ha teke med seg ungen til reiret sitt, starta fjellvåkungen å be om mat, og havørna adopterte han som sin eigen. På vingene. Dei to ungane frå reiret i Gloppen er for lengst på vingene, så hekkinga har vore vellukka i år og. I fjor hadde paret berre ein unge. Det gjekk bra med han og. For tre år sidan vart det lagt eit egg som ikkje vart ruga på i det heile. Så kjem det an på korleis det går med havørna når matkjelda i Ivahola blir borte….. Gladmelding Ein av dei merkte ungane frå 2005 vart mest sansynleg observert i Sandaneområdet 23.01.07 ilag med ei vaksen havørn. Kanskje er dette fluktbilde av den merkte ungfuglen du ser til høgre… nesten 2 år seinare?

CC BY-NC 4.0 Havørn (Haliaetus albicilla) White tailed eagle. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2005