Granmeis (Parus montanus)
Granmeisa er mykje lik lauvmeisa.
Granmeisa og lauvmeisa er ganske like, men dei byggjer reira svært ulikt.
Plassering i kart
Kjenneteikn
Ca. 12 cm, veg 11-14g. Fargen på fuglen er svart, kvit og grå. Er du veldig god på fuglar, klarar du å skilje ho frå lauvmeisa. Oversida på granmeisa er grå (lauvmeisa er litt meir einsfarga brun) med lys stripe på venga. Ei svart hette og lysande, kvite kinn. Flekken på strupen er større enn på lauvmeisa. Det er uvanleg at ho er større enn granmeisa.
Utbreiing
Granmeisa ser du mest i skogen, og du kan sjå ho over heile landet; særleg i barskog, blandingsskog og lauvskog. Ho er vanleg også i alpin bjørkeskog med småvokse tre.
Forplanting
Granmeisa hakkar gjerne ut si eig reirgrop i tre. Dei fleste andre meisene gjer ikkje det. Granmeispara leiter allereie i mars og april etter eit dødt tre eller ein stubbe. Dei hakkar gjerne ut eit nytt hol til reir kvart år, men dei kan bruke gamle hol frå andre meiser eller spette-fuglar. Reir som er fylt med spon kan bli brukt. Utsjånaden på reiret skil den frå andre meiser, fordi granmeisa har hår og nokre fjær men manglar mose som reirmateriale. Granmeisa legg 7 – 8 egg i mai, og dei blir ruga av hoa i 14- 15 dagar . Ungane forlet reiret allereie etter 17 – 19 dagar og blir mata i fleire veker av foreldra etter at dei har forlet reiret sitt
Næring
Om sommaren et dei insekt og edderkoppar og om vinteren et dei frø spesielt av bartre, og einer. Granmeisa er svært vanleg på fuglebrettet. Der ho tek solsikkefrø.
Tilhaldsstad
Granmeisa er ein standfugl som held seg nær eit merka område. Ungfuglane streifar noko omkring i det området. Granmeisa opptrer om vinteren i meise flokkar på 2 – 4 svartmeiser, 2 toppmeiser, 3 – 4 granmeiser, 3 – 5 fuglekongar og 1 trekrype. Som regel består granmeis flokken av vaksne par som held seg innanfor området sitt.
-
Granmeisa høgg sjølv ut den djupe reirhola som de kan sjå på bildet. Egget som ligg att er ikkje klekt og bildet er teke i desember.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
Granmeis (Parus montanus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.