Sidemeny+

Gloppen Ungdomsskule

Posted on 1. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Gloppen Ungdomsskule med Sandane Stadion i bakgrunnen

Gloppen ungdomsskule har tre klassar på kvart trinn. Klassene er store. Dei tre 9. klassene i 2003/04 er kvar på 30 elevar. Resten av klassene er noko mindre. Det er lagt inn oppgåver på denne sida. Svara kan du søke deg fram til på denne adressa www.geoatlas.no. Du finn også oppgåver på Gu 2 og Gu 3

Plassering i kart

Bruken av denne sida
Elevane i 9. klasse har siste året (2003) fått naturfagoppgåver på nettet. Vi har brukt sida www.fotoalbum.cjb.net
No vil vi gje oppgåvene på GeoAtlas-sida, for å vise korleis vi nyttar oss av det stoffet som er lagt inn på Gloppen kommune fyrst og fremst.

Oppgåver
1 a)Kven har skrive artikkel om blodhella?
b)Skriv 2 setningar om denne hendinga.(Bruk eigne ord)
2 a) Kor mange artiklar har Rasmus Rygg Årdal skrive?
b) Kva heiter artiklane?
b) Finn namnet på 4 av dei blå blomstrane som ligg inne?
3 Finn fire artiklar som er illustrert med teikningar?
5 a) Gå inn på ei av dei andre kommunene enn Gloppen, og finn noko interessant som du skriv nokre få ord om.

Oppgåver
1 a) Kven har skrive artikkelen om Rådastøylen?
b) Skriv ei faktasetning om støylen (Bruk eigne ord)
2 Tenk deg at du skal på tur nr 21. Kvar kjem du då?
b) Her skal du overnatte i snøhole. Set opp tre typar matvarer du vil ha med deg.
3 Det er oppgitt to turnr for å kome til Blådalen. Forklar rutene og kva nr. har desse turane?

Oppgåver
1 Studer bilde og video av spettmeisa: a) Kva mat likar spettmeisa?
b) Korleis får ho tak i kjernen? c) Korleis kan du knytte stillingsenergi, rørsleenergi, energioverføringar osv til det spettmeisa gjer?
2 Vel tur nr. 3 på gloppen-kartet. a) Kvar kjem du då? b) Kva fjellgrunn finn du der? c) Kva plantar veks på slik fjellgrunn?
3 Kva heiter den mest dominerande planten i Fagredalen?
4 I kva vatn i Gloppen veks det: flotgras og tjønnaks?
5 Det har vore litt skriverier om mandarinand i Gloppen. a) Kva fargar har hannfuglen? b) Fortel litt om reiret og egga til dette paret.

Oppgåver
1 Nemn nokre av dei fuglesortane du kan finne i Jølet.
2 Kva fiskeslag finn du i Langedalsvatnet?
3 I kva kommune i fylket vårt vil du reise til om du skal treffe på fjellreven?
4 Bruk stikkordet:Fugl. a)Kor mange ulike fuglar ligg inne på sida?
5 Bjørnejakt i Gloppen.a) Kven har skrive artikkelen? b) Kva årstal vart bjørnane skotne?
6 Lag eit spørsmål.

Oppgåver
1 Kva heiter den vanlegaste av alle fuglane i landet vårt?
2 Kva heiter fjelltoppen i Gloppen som er 1425 m over havet?
3 Kor høgt ligg Svinestranda?
7 I kva kommune ligg Utvær fyr?

Oppgåver
1 Kva fuglar kan beite i Selvågane?
2 Kva står skrive på steinen ved heksemonumentet i Anda?
3 Kva slag plantar veks i vatnet i Røsskleivdalen?
4 Største fisken teken i Røsskleivdalen?
5 Skriv nokre setningar om stjertmeisa.
6 Kva farge er det på bergand?

Oppgåver
1 Kva farger har fjellrypekyllingen?
2 Kva fargar kan bergveronika opptre i?
3 Kven har skrive artikkelen om Blåfjellet?
4 Kven har laga video om havørn?
5 Skriv nokre faktasetningar om hønsehauk
6 Kven er friskast i fargane, boltit hann eller ho?
7 Kva farge har alle nyklekte rovfuglungar?
8 Kva farge har ein stor havørnunge?

Oppgåver
1 a) Korleis ser gransangarreiret ut? b) Kva farge har gransangaregga?
2 Snøfallet 21. mai tok livet av mange nyklekte fugleungar. Finn bilde som bekreftar dette.
3 Kva heiter gutane som badar i Åsebøvatnet?
4 Kor høgt ligg Myklebuststøylen?

oppgåver
1 Om du ser ei havørn høgt over deg, kva fargar har ho då?
2 Kva særmerkjer stjertmeisa? Farge/utsjånad.
3 Kva farge har fjellrypa i vinterdrakt?

Oppgåver
1 Fortel om låvesvalen: reir, egg, rugetid, flyttfugl?
2 Kva farge har a) ærfugl hann b) ho
3 Korleis ser hinnebregna ut? Kan vi finne ho i Gloppen?
4 Kva farge har ringtrasta?

Oppgåver
1 Kva farge er det på raudstjertegga?
2 Kvar legg raudstjerten reiret sitt?
3 Kor lenge rugar raudstjerten på egga?
4 Kven eig hytta i Røsskleivdalen?
5 Kva blomst utan klorofyll- kan du finne på tur til Røsskleivdalen?

Oppgåver
1 Er det simler eller bukkar du ser på bildet?
2 Finn nokre faktaopplysningar om sidensvans.
3 Skriv litt om fuglekongen
4 Kor mange egg ca. legg spurvhauken?

Oppgåver
1. Kva heiter fuglen som i sangen sin «tel til sju»?
2. Finn namnet på nokre bjørnejegerar frå Sandane.
3. Kva artikkel vil du søke på for å finne «Lycopodiumvideoen»?
4. Kor mange klør har havørna på kvar fot?

Oppgåver
1. Kor høgt over havet ligg Blådalen?
2. Kva slags farge har ein ung sangsvane?
3. A. I kva slag tre/busk hekkar munken?
B. Kva farge er det på egga til munk?

Oppgåver
1 Kor lenge rugar havørna på egga?
2 Når var det solformørking i 2003?
3 Kva tur nr. har Støyvastøylen på turkart over Gloppen?
4 Kor stor er diameteren på jettegryta på Klevedammen?
5 Kva farge er det på egga til dompappen?

Oppgåver
1 Kva farge er det på spurvehaukegga?
2 Kvar finn vi firblad?
3 Kor lenge har Rypeskarrennet blitt arrangert?
4 Kvar går tur nr. 31 på turkartet over Gloppen?
5 Kva farge er det på nebbet til stjertmeisa?

Oppgåve
1) Kva farge er det på egga til måltrasta?
2) Kva heiter fuglen som bygde reiret sitt i jettegryta på Eide?
3) Kva farge har blomsten til skogsvinerot, og kvar finn du han?
4) Kvar hen i Jølet byggjer grå flugesnappar reiret sitt?
5) I kva artikkel er det bilde av ein kjøttetande plante?

CC BY-NC 4.0 Gloppen Ungdomsskule av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Sandane