Gauk (Cuculus canorus) Cucoo
Gauken legg mange egg, opp til 25, men eit og eit av desse vert lagt i andre sine reir. Fjellerke, raudstrupe, lauvsangar, linerle og andre fuglar som er mykje mindre enn gauken, kan få ein grådig gaukunge å fore på utover sommaren. Årets fugl i 2007 er gauken http://www.gjok.no , så ver obs om du finn eit reir der eit av egga er større enn dei andre egga.
Plassering i kart
Gauk
Han er 32-36 cm lang og du kan sjå han i alle typar skogmark, kulturmark, alpint terreng og kystheier. Trekkfugl som overvintrar i tropisk Afrika. I Norge oppheld han seg i tidsrommet mai-september. Han er lett å observere i hekketida, der han prøver å finne ein vertsfugl som kan ruge ut egget sitt. Hofuglen vel ut fuglar som legg egg som liknar på gauken sitt. Egga til dei ulike gaukane vil såleis variere i farge, alt etter kva reir det vert lagt i. Eit gaukepar legg egga sine i raudstrupereir, medan ein annan gauk legg egg i heipiplerkereir (fordi deira egg liknar på lerka sine egg.)
Gaukeegget vert også klekt ein dag før dei andre ungasne i reiret kjem ut av egget. Fordi gaukungen har ein spesiell hudfold mellom vengene, får han «søskenegga» opp på ryggen og kastar dei ut av reiret. Han treng mykje mat, så han må vere åleine.
Feltkjenneteikn
Mellomstor, slank fugl med lang, avrunda stjert og spisse venger. Kan lett forvekslast med spurvehauk. Det er vel berre kråka som er like lett å kjenne på lyden. Du kan visst ønskje deg noko om du kjem under det treet gauken sit og syng i. Dette viser berre kor var denne fuglen er. Det er ikkje lett å få ta gode bilde av han.
Gauken set seg ofte på straumledningar, i toppen av eit tre eller på ein gjerdepåle. Då har han hengande venger og heva stjert.
Dei vaksne gaukane trekkjer til Afrika før ungfuglen, som på ein mystisk måte finn fram på eiga hand.
Gauk (Cuculus canorus) Cucoo av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.