Sidemeny+

Fuglekonge (Regulus regulus)

Posted on 29. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Fuglekonge

Fuglekongen er vanleg i Nordfjord. Sjølv om han er den minste i Norge, greier han seg som regel gjennom vinteren.

Plassering i kart

Fuglekonge (Regulus Regulus)
Fuglekongen er minste fuglen i Europa. Han veg mellom 4,5 og 6g. Det latinske namnet er Regulus Regulus, som betyr liten konge.
Det heng nok saman med at hannen har ei oransjegul stripe på issen, ei «kongekrune» som syner godt når fjøra på hovudet reiser seg som ein topp.
I barskogane i Sør-Noreg er fuglen vanleg, men den er sjeldan i nord. Tilfeldige flokkar i Finnmark.
Fuglekongen held seg oftast i småflokkar. Dei lokkar stadig på kvarandre med eit fint «sisi si» for å holde kontakt. Det er utruleg at denne vesle fuglen kan greie seg gjennom ein hard vinter her i landet.

Song
Songen er ein spinkel og einsformig strofe som nesten ikkje høyrast når andre fuglar syng. Under songen reiser fuglekongen hovudfjørene, og då ser ein hannen si oransjefarga issefjør som er kanta av to svarte striper.
Fuglekongen står ofte på flagrande vingar framfor ei gran, og ser etter insekt mellom barnålene.

Hekking
Reiret byggjer den vanlegvis høgt oppe i eit grantre. Det er korgforma, og heng på undersida av ei grein, godt skjult. Sjå bilde. Reiret er svært vanskeleg å oppdage, men her er eit tips. Veit du omlag kvar fuglen byggjer reir, kan du legge ut nokre fine fjør og dun i området og spionere på fuglekongen i byggjeperioden. Han vil nok bruke det du har lagt ut, og du finn reirplassen. I løpet av mai legg fuglen vanlegvis frå 9-11 egg, som er gulkvite med ein raudleg tone og raudgule flekkar. Dei blir ruga av ho-fuglen i 15 dagar, og ungane forlet reiret i ein alder av ca 14 dagar. Ingen annan norsk fugl har så små egg som fuglekongen.

CC BY-NC 4.0 Fuglekonge (Regulus regulus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Charlotte Mundal, Gloppen Ungdomskule 9b. 2003
Kjelder: Våre fugler Svein Haftorn