Sidemeny+

FLESKEDALEN

Posted on 19. jan 2004 by in Jordbruk

Foto: Petter Arnt Løvdahl. Juli 2002cbn

På veg ned mot Fleskedalen frå Friken.

Fleskedalen er ei naturperle som tidlegare var sommarstøl for fleire bruk i Årdal.

Plassering i kart

Historikk
Fleskedalen ligg om lag 1000 moh. Stølane i dalen ligg på 972 m. Frå gamalt av har gardane Vetti, Lauvhaugen og Flaten støla her. Flaten-selet vart nytta av Davehaug-bruket fram til om lag 1900, då Søren Vetti overtok Flaten. Vidare hadde ein Lykkjeselet, som no blir nytta som jakthytte. Lenger inn mot Fleskedalen stod Nausteselet og Torseselet. Bruka Veshagen og Naustebukti støla her og brukte Fleskedalen som sommarbeite.
Her var sju budeier, og ein kan tenkja seg kor fint det måtte vere for turistane som kom forbi her på denne tida. Fleskedalen er rute for dei som kom frå eller skulle til Skogadalsbøen, Vetti, Tyinholmen og Eidbugarden.
Vegetasjon
Fleskedalen hadde ord på seg for å vera ein god støl, derav kanskje namnet Fleskedalen. God støl var det fordi beita var så gode. Det er pga all sølvbunken som veks her. Elles finn ein mykje vier, lyng, busker, fjell/dvergbjørk, einer og næringsrikt gras.
Stølshusa ligg etter elva som renn gjennom Fleskedalen. Elva har namnet Fleskedøla.
Fleskedalen i dag
Også i dag er Fleskedalen ein naturleg stoppestad for turgåarar i DNT-løypene, for stølsvollen og elva som renn forbi er ei naturperle av dei sjeldne.
4 sel er restaurerte og vert for det meste nytta i jakttida.

CC BY-NC 4.0 FLESKEDALEN av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Årdal Sogelag
Kommune: Fleskedalen