Sidemeny+

Fjellvåk (Buteo lagopus )Litauisk:Laukinis erelis Rough-legged buzzard

Posted on 6. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Fjellvåk inn for landing

I smågnagarår hekkar fjellvåken i mange dalføre og dei får fram store kull (fem ungar). Til vanleg er det få par som hekkar , og det blir lagt berre to til tre egg.

Plassering i kart

Fjellvåk
Fjellvåken er den vanlegaste rovfuglen i
fjelltraktene. Under ein observasjon av eit
fjellvåkreir, fekk eg sjå den barske sida av naturen:
2 våkungar døydde og vart oppetne av sine eigne sysken.

Ved skoggrensa kan du i april-mai omtrent kvart 7. år
sjå ein ørneliknande fugl, fjellvåken.
Då er det nemleg lemenår og god tilgang på mat
for avkommet. Rovfuglkost kan vere mus,hare og rype.
Dersom mangelen på mat blir for stor,
kan ein eller to av dei minste fugleungane døy av svolt.
I reiret eg overvaka hadde ulukka allereie skjedd.
To fugleungar var oppetne…. kanskje av syskena sine.
Dette kan skuldast at fjellvåken legg egga sine slik at det er
7 dagars aldersforskjell mellom den minste og den eldste ungen (dersom det vert lagt 4 egg). Han legg egg annankvar dag, men startar ruginga når fyrste egget er lagt.
Sidan det berre er dei som ser på mora som får mat, vil
dei eldste ungane alltid få mat fyrst. Resultatet av dette blir svolt blant dei minste ungane i dårlege mattider.

Faktaopplysningar
Fjellvåk / Buteo lagopus
Legg vanlegvis 2-5 egg.
Rugetid: 28-31 dagar
Alder på ungen når den forlet reiret: 41-43 dagar
Utsjånad: Den har lys underside med ein svart flekk ved kvar
vingeknoke. Over buken har den eit breitt svart felt.
Duna på kroppen rekk ned til klørne.
Anna: Fjellvbåken er ein trekkfugl. Byggjer reiret sitt
på ein klippeavsats. Om den kjenner seg trua av ein
inntrengar, angrip den og jagar inntrengaren utfor stupet.

CC BY-NC 4.0 Fjellvåk (Buteo lagopus )Litauisk:Laukinis erelis Rough-legged buzzard av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Simen Solheim, Peder Hauge og Jarle Bergheim 8b
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU
Kommune: Nordfjord