Sidemeny+

Dompap (Pyrrhula pyrrhula)

Posted on 22. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Dompap hann

Dompapen er ein fugl du ikkje kan ta feil av. ♂ er raud på magen/halsen, og dei er flittige gjester på fuglebrettet om vinteren.

Plassering i kart

Dompap
ca 17cm. ♂ er lysande raud under og ♀ er gråbrun; begge med svart isse og hakeflekk, samt kvit. Den er lett å få auge på om vinteren når den tar ein kjapp tur innom fuglebrettet ditt for å få seg ein matbit.

Hekking
Reiret er oftast bygt i gran av tørrkvist, fine rottrevlar og hestetagl, halvt gjennomsiktig. 5-6 (4-7) egg i april til juli. Det har hekka dompap i Jølet. Det er ein fredeleg plass med blanding av tett og open skog, og mange skogtypar og tretypar, så det passar for mange forskjellige fuglesortar. Det er sannsynleg at dompapen får to kull i året. Egga er lyseblå med svarte, svartbrune og fiolette flekkar. Rugarr i 13 dagar. Ungane blir i ca 16 døgn før den forlatar reiret. Den et mest vegatabilsk føde; rognebær, osperaklar, knoppar, frø av lønn, ask, syrin etc (også innsekt). Stand og streiffugl.

CC BY-NC 4.0 Dompap (Pyrrhula pyrrhula) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rasmus Rygg Årdal 10A, 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU