Bokfink (Fringilla coelebs)

Bokfink hann
Bokfink er ein heilt vanleg fugl Nordfjord.
Plassering i kart
Bokfink
Ca. 16 cm. Bokfinken er ein av våre vanlegaste fuglar. ♂ vakkert brunraud under med blågrå «hette» og svart panne. ♀ er svakt gråbrun, men begge kjønn har 2 kvite vingeband og grøn overgump. I flukta viser også dei kvite ytre stjertfjørene. Haust og vinter er den blå hetta til ♂ skjult av brune fjørkantar. Opptrer om våren og hausten i flokkar som kan telle over 100 fuglar. Ungfuglen liknar på ♀. Lever i all slags skog, hagar og parkar, men lite i bjørkebeltet. ♀ byggjer eit kunstferdig, koppforma reir oppe i tre av mose, rottrevler, fjør og spindelvev, og fôrar med strå, hår og fjør. (Sjå bilde) I tillegg kamuflerer den reiret utvendig med lav eller kvite bjørkefrynser. Legg 4-5 egg i to forskjellige fargetypar: 1) Gråbrune eller grågrøne med brune og svarte flekkar og 2) Lyseblå med få svarte og brune flekkar. Får 1-2 kull i apr.-mai og juni-juli.
♀ rugar i 12-13 dagar. Bokfinkane lever av Insekt, frø, frukt og knoppar.
Trekkfugl, reiser i sept.-okt. Til dei britiske øyane og enkelte til Spania/Portugal, og kjem att i mars-apr. ♂ overvintrar temmeleg ofte.
-
Bokfink hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Bokfinkegg 2002.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Bokfinkungar.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Bokfink hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Bokfink i vinterdrakt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Bokfink (Fringilla coelebs) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.