Sidemeny+

Bergveronika (Veronica fruticans) Wall Speedwell

Posted on 5. jan 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmeset Juli 2002cbn

Bergveronika

Bergveronika er ein kalkkrevjande plante som ikkje er av dei vanlegaste i Nordfjord. Du finn han helst høgt til fjells.

Plassering i kart

Utsjånad
Bergveronika er ein fin blomst som likar kalkgrunn. Den intense blå fargen lyser godt opp. I Gloppen finn vi ein kvit variant av denne planten (sjå bilde nr 2).
Ein av våre finaste fjellplantar som blomstrar i juli-august. Mellom 5 og 10 cm høg. Dette er i grunnen ei dvergbusk med rotstikk og den nedre stengelen er treaktig. Fjellveronika er den einaste veronikaarten i Norden av denne typen. Blomstrar berre ein dag.

Veksestad
Planten finn du på berghyller, rabbar og sørvendt rasmark. Her kan du finne han i store mengder. I Jotunheimen veks han opp til 1800 m.

CC BY-NC 4.0 Bergveronika (Veronica fruticans) Wall Speedwell av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003