Sidemeny+

Austrheimstøylen

Posted on 2. jan 2004 by in Jordbruk

Dei fleste fjøsane ligg på Tødene. Kvandalen i bakgrunnen.

Austerheimsstøylen ligg ovanfor Engesetåsen ca. 535 m o.h. Stølen er for Austrheim, gard nr 69. Dette er ein stor og romsleg støl med store slåttekvier. Mange sel står spreidde omkring, delvis i grupper. Så å seia alle sel var oppført med lade i eine enden. Kufjøsa stod i nærleiken av sela. Spesielt med denne stølen er dei mange sauefjøsa. 12 stk er samla i ei klynge.

Plassering i kart

Austrheimstøylen ligg på fjellet rett nord for Sandane. Det går bilveg hit forbi Utsikta (bomveg), og mange brukar derfor parkeringsplassen ved støylen som utgangspunkt for fjellturar i sommarhalvåret. Det er fine turalternativ t.d. mot Eggjene, Kvandalshaugen, Svarthammaren/Blåvatnet eller Svinestranda/Skarshammaren. Det er rikt og variert planteliv i området, og også mykje interessant å treffe av fuglar og dyr, t.d. fjellvåk og villrein.
Høgda over havet er ca 535 meter. Det er furuskog opp til støylen, ovanfor er det open bjørkeskog før høgfjellet byrjar. Gjennom støylen renn Støylselva som kjem frå Kvandalen og renn vidare ut over Holvikfossen. Ho har rikeleg friskt vatn som er så viktig for ein støyl.
Kor gammal Austrheimstøylen er, er det ingen som veit. Men i ein dom frå 1724 står det at støylen har vore til frå gammal tid.

Det er elleve bruk som har teigar på støylen, så den er ganske stor. Støylsvollen er for det meste litt myrlendt. Før var det gard (gjerde) rundt heile støylen fordi graset skulle slåast og tørkast. Men seinhaustes vart krøtera sleppt innpå for litt beiting. No er det berre eit par teigar som er inngjorde, så på støylen er det råd å treffe beitande sau, hest og storfe heile sommaren.

Vegen til støylen
Den gamle vegen opp til støylen gjekk ikkje slik som no. Frå Flåtane ved Fjølestadsaga (der vegen delar seg mellom Solheim/Kleivane og Engeset/Utsikta), gjekk drifterås og støylsveg rett opp mot Solheim og vidare opp Kleivane, forbi Åstjørna og oppom Gloppestadstøylen fram til Austrheimstøylen. Dette er ei felles drifterås for Austrheim, Gloppestad og Slagstad.

Husa på Austrheimstøylen var frå gammalt plassert i grupper. Dei fleste sela er plassert på rad på begge sider av vegen, dette vert kalla «gata». To sel på kvar side av gata er bygd i hop i gavlane. I sela var det to rom, utselet som var det første rommet ein kom inn i. Hovudrommet vert kalla innselet. Der hadde dei ein omn som dei kokte på, veggene er svarte av sot frå den tida dei brukte ljøren som skorstein. Det siste hundreåret har ljoren berre vore til å sleppe lys inn. Lada, som dei hadde høy i, var bygd i hop med selet. Alle smalefjøsane og dei fleste kyrafjøsane var samla på ei høgde, som vert kalla «Tødene». Kyrafjøsane stod i garden med døra ut mot utmarka. Smalefjøsane stod heilt utanfor garden.

Stølsdrift
På Austrheim var det lite beite heime ved gardane, så straks over jonsok brukte dei å ta buskapen til støyls. Støylsjentene budde i sela om natta slik at dei kunne ta kveldsstellet og morgonstellet. Men om dagen måtte dei heim att på gardane for å ta del i arbeidet der. Dei starta om lag på same tid så dei hadde selskap på veg ned. Det var lang veg å gå. Dei gjekk forbi Gloppestadstøylen, ut til Kleivane og ned driftevegen. Mykje vart prata om og diskutert på støylsvegen.

Når dei kom heim, fekk dei ein matbit og så var det ut i arbeid på garden. Etter nonsen klokka fire, måtte dei pakke det dei trong oppi byttene og byrje på oppturen.
Då vegen forbi Utsikta kom på 50-talet, byrja det å gå støylsbuss opp om ettermiddagen og ned att om morgonen. Men då var det ikkje så lenge før det var slutt på mjølkedrift på Austrheimstøylen.

CC BY-NC 4.0 Austrheimstøylen av Sveinh er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Helge Hovstad. 2004
Kommune: Austrheimstøylen