Sidemeny+

Ærfugl (Somateria mollissima) Eder

Posted on 27. jan 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Ærfugl hann

Siste åra har det auka på med ærfugl i Gloppen. Det er registrert mange ærfuglpar som hekkar på Måseholmen i Selvågane.

Plassering i kart

Ærfugl
Den største dykkanda i landet. Ca. 63 cm. Hovudet er tilspissa, og kan vere eit godt kjenneteikn på lang avstand. Hanfuglen er den einaste anda med kvit rygg og svart buk. Hoa er brun med tverrstriper i svart langs heile kroppen, bortsett frå hovud og hals. Rugar langs heile norskekysten, men er mest talrik frå Trøndelag og nordover. Held seg helst i ytre kyststrøk.

Hekking
Gøymer reiret mellom lyng, strå, tang og dun. Legg 3-6 grågrøne egg i mai-juni, kanskje så seint som i juli. Hoa ruger i 27 eller 28 dagar, og et lite eller ingenting i denne perioden. Ungane blir flygedyktige 65-75 dagar gamle. Er ein utmerka dykkar, og lever stort sett av blautdyr, særleg blåskjell. Et også krepsdyr, pigghuder og litt fisk. Overvintrar oftast i Noreg, men kan trekkje sør til kysten av Danmark. Om vinteren får Trøndelag vitjing av ærfugl frå andre land i aust.

CC BY-NC 4.0 Ærfugl (Somateria mollissima) Eder av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Skaaden 10b 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU