Utvikfjellet
På toppen av Utvikfjellet ligg skitrekket med lysløype både til alpinbakken og langrennsløypa. Breimsbygda Idrettslag eig anlegget og køyrer opp fine spor i lysløypa og turløyper til Varden og Svartebotnen. Alpinbakken er også til alle tider godt preparert.
Tur nr 21 til Svartebotnen kan du starte frå parkeringsplassen.
Plassering i kart
Vinteraktivitet
Spesielt i påska er Utvikfjellet eit mykje brukt turområde.
Rypeskarrennet – i klassisk stil- har vore arrangert i over 20 år. Renndagen har vore påskeafta. Løypa går over fjellet til Kleivane Skisenter, eller ei rundløype på fjellet.
Even Hole- Cup i alpint er og eit stort arrangement. Skjærtorsdag dei siste åra.
Det er oppkøyrt fine og varierte løyper i fint turterreng. Er du heldig kan du sjå ein flokk med reinsdyr. På denne tida er det mest simler Dei må ikkje uroast, for dei er drektige.
Utvikfjellet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.