Sidemeny+

Tru og overtru.

Posted on 2. des 2003 by in Immateriell kulturarv

I gamledagar trudde dei på huldra, nøkken og andre og hadde mange tiltak mot desse maktene..

Plassering i kart

Når det var det sokalla steinlaup på mjølka som besto i at der mjølkeringane samla vatn mellom røma og mjølka, så tok dei ei skei røme og mjølk , la det på dørgåta og hogde ein x med ei øks i mjølka og hadde det i omnen og brende det opp. Dette trudde dei var bra.

I minnesamlinga kjem det fram lite om gamle truer og tiltak mot vonde makter i samband med sæterdrifta. Dei aller fleste svarte nei(- gjerne med utropsteikn) på spørsmålet om dei kjenner til slikt.

Song og musikk var ikkje mykje av på sætrane. Budeiene hadde gjerne songbøker med seg.

I minnematerialet blir det nemt mange personar som trudde fullt og heilt på huldra. Huldrehistoriar var populære når budeiene i seine kveldstimar i selet skulle skræme kvarandre. Ikkje så sjeldan vart det til at dei overnatta med kvarandre, får det var nifst å gå attende til eige sel og seng!!!

CC BY-NC 4.0 Tru og overtru. av Camilla og Rita er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.