Sidemeny+

Storevassætra

Posted on 2. des 2003 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Storevassetra.

Les meir om kven som har hytter på Storevass sætra…

Plassering i kart

STOREVASSÆTRA G.nr.119 Reksnes

Bruk 1: Kåre Aardal Årdal

Sel stod fram til 1920, etter det vart selet flytt ned i Myrane. Nytt sel/hytte vart bygd 1970. Steinfjøs med store steinheller til tak.

Bruk 2:
Harald Aardal Årdal
Jobruket
Selet stod på bakken, og steinfjøs mot nord i lag med fjøsen
Til bruk 3.

Bruk 3: Kåre Aardal Årdal
Lisje-bergebruket
Steinfjøs mot sør i lag med bruk 2.
Selet stod mot sør like ved fjøsen.

Bruk 4: Kåre Aardal Årdal
Røssbruket
Seinfjøs med steinsel, som vart mura på tvert av fjøsen.

Storevassætra er truleg ei gammal sæter, mykje av
Materialet til dei 4 stølhusa var stein. Det var og oppmura
Innhegning utan tak til sauene.

Sætra ligg 620 m.o.h. og var i bruk fram til
1912-1914.

Sætrevegen var tung og alt som skulle opp måtte truleg kløvjast eller berast. Dei fleste tykte vel om å gå på sætra, når til dømes måne og sol blenkte i vatnet. Var det derimot regnsommar, med mykje skodde drivande ved vatnet, og sela og klede kjendes klamme, var det trasig. Rømmekolla likte heller ikkje dårleg ver, vart det fortalt.
Kyrne kune og bli besette når det leid på sommaren og måtte hentast i Stårheimsdalen eller ved Langevatnet. Før demde dei opp vatnet, når det hadde blitt masse vatn der opna dei opp så møller og sager fekk vatn til å bli drevne av.

CC BY-NC 4.0 Storevassætra av Lillian og Hege er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.