Sidemeny+

Lauvtreprosjekt i Jølet

Posted on 22. des 2003 by in Planteliv

Jølet ligg sentralt til for barneskulen, ungdomsskulen og Firda vidaregåande. Dette området har alltid vore brukt i naturfasgundervisninga. I 1984 vart lauvtrea som veks i området kartlagt og eit tverrfagleg undervisningsopplegg utarbeidd.

Plassering i kart

Litt om lauvtrea
Det er mykje av dei vanlegaste trea som bjørk, gråor, hassel, selje, rogn, hegg og osp.
Ein del andre tre er planta, som til dømes:sommareik, lind, bøk, kanadisk eik og poppel. Når det gjeld dei særbu trea har vi både hann og hotre av selje og osp. det fins også gullregn i området som har forvilla seg.

Tverrfagleg opplegg
På ungdomsskulen jobbar vi mykje med lauvtrea om hausten i 8. klasse. Elevane lagar herbarium av blad frå alle lauvtrea. Dei lærer også å gå etter kart for å finne blad på eiga hand. I kroppsøvingstimane legg vi opp til O-løp. Postane er lagde på ulike lauvtre, og beviset på at elevane har vore på rett post, er eit blad frå treet som eleven har med tilbake. Dette blir også ein repetisjon på det dei har lært i naturfagtimane.

CC BY-NC 4.0 Lauvtreprosjekt i Jølet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Jølet 2