Jøtlemannen
Like før du kjem til Kleivedammen og nedkøyrsla til Sandane frå Breim, står eit informasjonsskilt. Stoppar du ved skiltet, går det ein kort veg opp til den store jettegryta med ein diameter på heile 11 meter.
Plassering i kart
Jettegryta Denne jettegryta har truleg vorte til i slutten av istida. Isbreane vart borte frå høgfjellet, slik at smeltevatnet frå desse vart ført ned i dalane i store mengder. Elvane som rann ved sida av og under breane, drog med seg mykje grus, stein, sand og evje. Somme stader laga det seg bakevjer, kvervlar mellom isbreen og fjellet. Vatnet ville då rotere med stor fart og dra med seg alle lausmassene i lang tid, kanskje i fleire hundre år. Resultatet kunne bli slike halve jettegryter som vi ser her. Denne jettegryta er mellom dei største – heile 11 meter i diameter. Djupna til gryta er større enn det vi ser. Ho er oppfylt med mykje fyllmasse i botnen. Ser ein nøye på spora i gryteveggen, kan ein kanskje ane at vatnet har rotert med urvisaren? Jøtlemannen Ser de nøye på bilde av jettegryta, vil de registrere den store steinen som står framfor opningen. Denne steinen skal etter segna vere jutulen som vart for sein å kome seg i skjul før sola spratt. Her er segna: Det var ein gong ein jøtul som gjette geiter i fjellet. Men så var det ei natt at han hadde somna, og vakna ikkje til før enn sola skulle spretta. Då han såg det, tok han til beina det beste han kunne, men vart for sein, for då han kom fram til inngangen av hola si, spratt sola, og han vart til stein. Og der står han den dag i dag, på skrå oppetter fjellveggen framfor hola. (Nedskrive av Tor Eide, 1922)
-
Inngangen til jettegryta. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Skilt til jettegryta
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Ansiktet til Jøtlemannen utforma av naturen sjølv i stein og lav? Dette ansiktet finn de i alle fall like oppom jettegryta på Eide
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Kvit pegmatittgang i berget ved jettegryta
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Trollhegg finst nok i ei slik hole full av trolldom
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Også raudvingetrasta hadde funne reirplass i jettegryta sommaren 2002
Foto: Svein Hjelmesetcbn
Jøtlemannen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.