Jølet

Frå inngangspartiet til Jølet og Nordfjord Folkemuseum.
Jølet ligg gunstig til for tre av skulane i Gloppen. Vidaregåande, ungdomsskulen og Sandane barneskule ligg alle berre eit steinkast for denne arenaen. Glopperokk har også halde sine konsertar her dei siste åra.
Plassering i kart
Kroppsøving
Området er svært gunstig for dei tre skulane. STIL har laga detaljerte orienteringskart i målestokk 1:2500 og 1: 5000 over området. Gloppen ungdomsskule har utarbeidd eit spesielt orienteringsopplegg der elevane fyrst lærer seg namna på dei over 20 lauvtresortane som finst. Dette gjer dei i naturfagtimane. I kroppsøvingstimane spring dei O-løp, og postane finn dei på forskjellige lauvtre. Istaden for å klippe, tek dei med seg blad tilbake til mål og seier namna på tresorteane.
Elles passar området fint til jogging på dei mange stiane. Det er variert terreng. Ein kan utnytte terrenget til både spensttrening og styrketrening. Det er imidlertid forbod mot å bruke ball i museumsområdet.
Idrettslinja på Firda har halde fleire aktivitetsdagar for barneskulane i kommunen. Dette har vore populære tiltak.
Museumsbesøk
Om våren er det stor aktivitet på museet, for då er det mange skular som legg turen dit. Det vert gjennomført eit variert program med både leikar og ulike aktivitetar frå gamle dagar.
Vi som er nær museumet kan ofte nytte oss av omvisning på museet.
Naturfag
I Jølet og skuleområdet er det som sagt råd å finne minst 20 sortar lauvtre. Nokre tre er planta: kanadisk eik, lind, blodbøk, bøk og spisslønn.
Det er bra utval av plantar. Firblad, skogsvinerot og brunrot kan nemnast. Ein del bregner kan vi finne og fagermose veks lengst inne i Jølet.
Det er eit bra rikt fugleliv (ca 35 sortar). Både gulsangar, munk og fossekall hekkar her. I tillegg har vi dei mest vanlege som hekkar i blandingsskog. Grå flugesnappar kjem seint (mai/juni) og byggjer reiret sitt i Frislidlada år etter år.
Det er laga ein natursti i Jølet.
Sjå meir om Jølet i desse artiklane: Blomstrar i Jølet, Fuglar i Jølet, Lauvtreprosjektet
-
Frå inngangspartiet til Jølet og Nordfjord Folkemuseum.
Foto: Svein Hjelmeset Juli 2003cbn
-
Skogsvinerot veks i Jølet
Foto: Svein Hjelmeset Juli 2002cbn
-
Grå flugesnapparreir i Frislidlada
Foto: Svein Hjelmeset Juni 2003cbn
-
Firblad er ein litt spesiell blomst du finn i Jølet
Foto: Svein Hjelmeset cbn
-
Fristande jordbær?
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Fleire gamle eplesortar er planta i Jølet
Foto: Svein Hjelmeset Mai 2003cbn
-
Rhododendron
Foto: Svein Hjelmeset Juni 2003cbn
Jølet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.