Sidemeny+

Fuglar i Jølet

Posted on 22. des 2003 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Stjertmeis

I Jølet veks det både lauvskog og barskog. Det er skrentar og små stup. Gamle hus og ikkje minst fugleholkar som elevane i 8. klasse ved Gloppen ungdomsskule har bygt ved fleire høve. Mange slag fuglar – mellom 35 og 40- finn såleis reirplass i Jølet.

Plassering i kart

Fuglesang
Det er mange både trekk- og standfuglar i Jølet. Kjøtmeisa og spettmeisa er nok tidlegast ute med å lokke på maken og sjå seg ut ein reirplass. Fuglekongen, som det er fleire par av i Jølet, kan ein høyre nesten heile året. Dette små nøstet på berre nokre få gram greier seg utruleg bra gjennom vinteren. Sangen er karakteristisk, og du kan lytte til han om du går inn på artikkelen om Røsskleivdalen. Etter kvart kjem trekkfuglane, og det vert meir og meir fleirstemt konsert. Om ein tek seg ein tur med elevane, vil ein ofte få sjå fuglane og kople dei til sangen. Det er berre ein enkel smakebit som blir spelt av i Fjellatlas, mot det ein kan oppleve ute i naturen. No er det også laga ein natursti i Jølet der ein kan spele av fuglelydar ute i løypa.

Reir
Det mest kunstneriske reiret byggjer nok stjertmeisa. Bildet av reiret viser kor godt kamuflert byggverket er. Dette er nødvendig fordi fuglen byggjer reiret sitt før det kjem blad på trea. Inne i dette reiret kan det vere 12-16 ungar.
Fuglekongen sitt reir er ikkje lett å oppdage. Han hengjer det opp under ei grein, ofte høgt i ei gran. Han forar reiret med mykje fjør og dun. Vil du spore opp reiret, kan du friste han med litt dun i byggjeperioden og legge deg på vakt.
Spettmeisa er også eit fast innslag i Jølet. Om hausten hører vi kor ho hakkar på hasselnøttene som ho kløyver med det kraftige nebbet sitt. Ho gjer seg nytte av ein heilt spesiell teknikk når ho etablerer seg. Byggjer ho reir i ei fuglekasse, murar ho litt igjen holet slik at berre ho kjem seg inn.
Svarttrasta likar helst å legge reiret sitt i ein materialstabel eller på eit utspring på eit av dei gamle husa. Ho er tidleg ute med egglegginga, så ho kan ha to kull.
Både raudvingetrast, måltrast og gråtrast hekkar i Jølet.
Både jernspurv og munk gøymer reira sine godt. Den fyrste av dei legg reiret i ei lita gran eller einer. Munken legg det like gjerne i ei bærbusk (sjå bilde).
I Jølet er det også ein som kan halde stor konsert åleine, og det er gulsangaren. Han er ein ekte hermar som stel litt frå raudstrupen, måltrasta, storspoven og andre.

CC BY-NC 4.0 Fuglar i Jølet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Jølet 4