Sidemeny+

Blomstrar i Jølet

Posted on 22. des 2003 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Skrubbebær

Det er forholdsvis lite sol i Jølet, men ein finn ganske variert utval av blomster. Vårblomstrar som vårkål, kvitveis og bekkeblom er det mykje av.

Plassering i kart

Vårblomster
Kvitveisen er tidleg ute i sine kvite tuer langs elva. Gauksyra er også å finne over store deler av området. Både vårkål og bekkeblom veks i Jølet der det er fuktig.

Sommarblomster

Seinare kjem både skogfiol og tveskjeggveronika. Er du heldig finn du også myrfiol der det er litt fuktig. Både engsmelle og småsmelle er det ein del av. Den illeluktande skogsvinerota veks i utkanten av Jølet. På nært hald er blomane fine (sjå bilde under artikkelen om Jølet)
Langs elva (litt ned om sjølve Jølet) har det siste åra vokse ein del filtkongslys. I Sandane sentrum var det sommaren 2003 registrert ein slik plante som vart 2,43 m høg. Dei er riktblomstrande med gule blomster.
Blåklokke, følblom,løvetann og groblad finn du sjølvsagt. Brunrot er ikkje så vanleg, men han finst. Skrubbebær og blåbær pyntar opp både sommar og haust (sjå bilde).
Utover hausten står blåknappen i blomst. Han viser godt igjen i terrenget.
I eit lite område innerst i Jølet finn vi ei heil samling av ein plante som er ganske spesiell. Han heiter firblad og er giftig. Det luktar ikkje godt av denne mørkegrøne planten med fire eller fem blad.
Så bilde.

CC BY-NC 4.0 Blomstrar i Jølet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Jølet 3