Støyvastøylen
Fin støyl der sela er i god stand. Tur nr 21 på turkart over Gloppen.
Turen opp til støylen er like lett å gå sommar som vinter.
Kan starte på ca 600 moh og støylen ligg på 854 moh. Det er dyr som beiter i området og det er storslagen utsikt mot breen, Snønipa og Eggenipa.
Plassering i kart
Støylen
Støyvastøylen ligg på fjellet mot Skavegga i ei høgd på ca. 830 m o.h. Dermed er den, ved sida av Strandastøylen, den høgstliggande stølen i Gloppen. Stølen høyrer til Støyva, gard nr. 92 og Bjørnarheim, gard nr. 93. Denne romslege stølen har mange hus som er fint vedlikehaldne. Også dei fine steinfjøsa får etter kvart nye tak, noko som gir eit meir heilskapt stølsmiljø. Det ser ikkje ut til å vere restar etter kviegard, så dyra gjekk sikkert fritt på den grøne stølsvollen. Det same gjer dei i dag, også reinsdyrflokken, som ein kan treffe på både sommar og vinter. Stølen er mykje brukt sommar som vinter av både eigarane og ålmenta.
Turalternativ
Skal du følgje sti eller oppkøyrede spor kan du velje desse alternativa. Om vinteren er de ofte køyrt opp fine spor inn til brekkestova og opp til Støylen. Litt før og etter påske går spora heilt inn til Svartebotnen (ca. 11 km). Omlag same traseen kan du følgje om sommaren for det er opparbeidd traktorveg heilt opp til støylen.
Det andre alternativet er å starte frå Svoda (400m før du kjem opp på toppen av Utvikfjellet) og følgje stien fram til støylen. Om vinteren kan du også ta skitrekket opp og gå til støtlen.
Frå støylen har du breen rett imot deg der nunataggen Snønipa stikk opp. Skal ein på Snønipa eller i Svartebotnen, kan fyrste etappe av turen vere å kome seg hit.
Det er både kyr og sauer som beiter rundt støylen om sommaren. Rundt påsketider kan reinen vere i området, og om hausten er det reinsjakt.
Nærmaste fjellet heiter Skaveggene. Går du dit, har du fint utsyn til Myklebustdalen.
Nedanfor støylen ligg eit lite vatn
Stølsdrift
Fuglar og plantar
Raudstilken er vel den fuglen som lagar mest liv rundt seg. Elles er det både heipiplerke, lauvsangar, fjellrype og fjellvåk å sjå. Her finn du dei mest vanlege plantane som murull, snøull, dvergmjølke, fjelljamne og molte for å nemne nokre.
-
Støyvastøylen med Snønipa i bakgrunnen.
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Raudstilken hadde nok reir på siste myra rett før du kom til Støyvastøylen i 2003
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Snøull
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Dvergmjølke
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Støyvastøylen med Eggenipa i bakgrunnen
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Støyvastøylen sett frå Skaveggene. Fleire siar til og frå.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Eggenipa sett frå Støyvastøylen.
12. mars 2004 Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Støyvastøylen sett frå Skaveggene
mars-04 Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ei lita tjønn like ved Støyvastølen ein oktoberdag. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Støyvastøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.