Ryssdalsstøylen
Ryssdalsstøylen (sommarstøl) ligg 515 moh, og det er privat veg opp til støylen. Tur nr. 34 på turkart over Gloppen. Om du vil gå råsa opp og ikkje den bratte vegen, går du berre etter skilta. Du går forbi støylen når du skal på Ryssdalshornet.
Plassering i kart
Litt om støylen
Ryssdalsstøylen ligg på ein vid og open graskledd bakke i enden av stølsdalen. Garden Ryssdal (gnr. 1) nytta stølen. Stølen vart nedlagd tidleg i 1960-åra. Dei fleste husa på stølen ligg innanfor inngjerda stølskvie. Her er 5 godt vedlikehaldne sel, delvis nye/påbygde. Eitt fjøs er bra i stand i tillegg til nokre uthus. Fleire hustufter viser at stølen hadde mange hus tidlegare. Eit stykke ovanfor stølen ligg 2 hytter frå 1948.
Ryssdalsstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.