Ryggjastøylen
Ryggjastøylen sommarstøl ligg ca. 320 m o.h. Han ligg fremst i Traudalen og er støl for dei tre bruka på Grov (gnr. 11) og dei ti bruka på Rygg (gnr. 12). Stølen vart om sommaren brukt vekselvis med Dalsbøen (Dalen), som ligg innanfor Traudalsvatnet. Stølsdrifta slutta litt etter litt og kring 1957 var der ingen att. Ryggjastøylen vart teken i bruk omkring år 1500. No er her 13 fint vedlikehaldne sel og 12 fjøsar som er noko mindre vedlikehaldne, men med taket i orden. Her er og to-tre hytter.
Plassering i kart
TEKST
Ryggjastøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.