Rådastøylen
Eg er oppvoksen og bur på garden Raad i Breim. Bruket vårt kallast «Andersbruket». Ofte når eg har gått på tur i fjellet, har eg tenkt på at det skulle vore morosamt å vite korleis støylen vår hadde vore brukt. No for tida vert det brukt som beiter til sauer og til turområde.
Plassering i kart
Eg er oppvoksen og bur på garden Raad i Breim. Bruket vårt kallast «Andersbruket». No for tida vert han brukt som beite til sauer og til turområde. Ein del av dei gamle fjøsane står framleis, men mange er borte og av dei gamle sela er det berre tuftene igjen. Bø, Raad og Seime har felles støylsområde. Han ligg på eit fjellplatå på austsida av Breimsvatnet.
I gammal tid hadde Bø støylen sin lenger aust ved Bøavatnet, Raad hadde støylen sin lenger mot nord enn der støylsområdet idag er. Truleg var det tidleg på 1800-talet at støylane vart samla i det område som han ligg i dag.
Eg kom heim frå skulen, åt middag og sette meg framfor dataen. Eg skulle intervjue faren min, John Oddvar Kandal, om støylen som tillhøyrde garden vår.
Eg tok meg eit eple, og så spør eg:»Kor langt tilbake trur du støylen har vore i bruk»? Han tenkjer seg nøye om og ser ut i lufta, til han svarar:»Første gong vi finn skriftleg omtale av støylen er i 1645. Det var då usemje om kven som hadde rett til å bruke beita i fjellhaminngen. I Ålandsboka fra Glopppen og Breim, vert det fortalt at i «Åstadssaka», som var halden i 1645, var striden så stor at det enda med drap på lagrettsmann Jonas Anderson Nes. Vidare fortel boka om semja som vart gjort såleis: » År 1650 den 12/8, var det åstadssak mellom Raad og Bø. Då vart det sett ned merkeskil etter ei semje dei gjorde 17/7 – 1645. Semja vart skipa soleis at Bø gjekk med på å byte heimehamn etter skild i mot at Raad <
«Styølen er nok mykje eldre og har vore nytta av gardane også på Seime. Dette viser at det er viktig å ha gode fjellhamner tillknytta gardane, så ein kunne ha sommarbeite til buskapane. På den måten vart all heimemark nytta til slått og lauving som seinare kunne nyttast som vinterfor».
Pappa tek seg ein kaffeslurk, og så spør eg:»Vart det rekna for å være gode beite på støylen vår»?
Han ser undringsfullt ut i lufta før han svarer:»Støylen ligg høgt, så det seier seg sjølv at beitesessongen var forrholdsvis kort. Det meste av beiteområda ligg på 600-800 meter over havet, så det måtte gå langt fram på sommaren før buskapane kunne førast til fjells. Likeeins måtte dyra hentast heim før det vart for seint på hausten.
Eg lurte så på:»Korleis vart støylen driven»?
Eg får til svar:»Dei fleste gardane hadde fjøsar og sel på garden. Kyrne vart sett inn i fjøsane og budeiene mjølka og stelte dei. Mjølka vart så sila opp. Noko vart sett i avkjøling, og resten sett i askar og syrna. Deretter vart fløyten og rømmen teken av».
«Vart der laga ost og smør på støylen i gamle dagar»? spør eg så.
«Nei ikkje på stølen her, anna enn det som vart brukt på støylen der og då. Støylen ligg så langt vekke og vegen var så bratt og tung, at det var umogeleg å få utstyr til meiridrift dit».
«Kva gjorde dei då med mjølka som ikkje vart brukt på støylen»?
«Fleire gongar for veka kom så karar frå gardane for å bære heim dei mjølkeprodukta som ikkje vart nytta på støylen, men når nokon av dei som var på støylen skulle til bygda, så bar dei med seg mjølk heim. På mange støylar kringom i bygda, vart det både laga ost og kinna smør. Det vart ikkje gjort på støylen her».
Eg undrast vidare:»Måtte dei gjete dyra på støylen her»? »
«Nei, eg har aldri høyrt om at dei måtte gjete for udyr, men det hende at dei måtte passe på at dyra ikkje gjekk for langt vekk, slik at dei ikkje kom inn på andre sine beiteområder. Først på 1900-talet vart det halde utskifting mellom gardane i Årdalen og gardane framom fjellet. Det vil seie at det vart sett opp eigendomsgrenser. Då dette var ferdig vart det sett opp gjerde, og då held dyra seg meir på heimeområdet til støylen»
Eg tok meg ein bolle, og tok ein stor slurk cola, så spurde eg:»Hadde dei alle dyra sine på støylen»? «På denne støylen hadde dei stort sett med seg berre kyrne. Geitene beita på fjellet, men dei vart henta heim, til heimegardane for mjølking. Dette vart gjort fordi dei var så lette på foten. Dei tok seg fort opp og ned frå fjellet. Dette var sjølvsagt ein stor fordel for bøndene, for då var dei fri å hente den mjølka på støylen. Når det då hadde samla seg nok mjølk frå ku og geit, ysta dei ( dvs: lage ost ). Av rømmen frå kumjølka som dei tok heim, kinna dei smør».
«Kva gjorde dei på, dei som støylte, når dei ikkje stelte med dyra»? «Dei måtte vaske og rydde, hente seg ved, og det siste var ikkje så enkelt, då det ikkje var skog på fjellet».
«Korleis skaffa dei brennsel då»? «Det vaks ein del einekjær som dei sanka i saman, men skulle dei ha kubbeved, måtte dei nogså langt ned i skogliene og hogge seg ved der. Det seier seg sjølv at det tok mykje tid å skaffe ved når alt skulle bærast på ryggen».
«Kunne dei ikkje bruke hest å køyre veden med då, eller kløvje den»? lurte eg på. «Nei, det vart nok ikkje råd, for det var så dårleg sti med store steinar at det var vanskeleg for hestane å ta seg fram».
«Det måtte vel vere vanskeleg for kyrne og då»? «Ja, det var det, og det hende at dei skada seg sånn at dei måtte slaktast. Likvel var det ikkje ofte at dette hende, for kyrne på den tid var små og lette».
«Kva var husa på støylen bygde av»? «Sela var bygde av tømmer som var bordkledd, og dei fleste fjøsane var mura av stein. Det blir fortalt at dei eldste fjøsane som var bygde der, var trefjøsar. Frå midten av 1800-talet, var det berre bygd steinfjøsar, og støylen hadde truleg si største tid med flest hus kring år 1900.
Like etter dette århudreskiftet var det somme brukarar som begynte å leige beitemark til buskapen andre stader. Dette skyldast nok at dyretalet på støylen hadde vorte så stort, at det vart i minste laget med beite».
«Kan du hugse at nokon gjekk til støyls å mjølka»? «Nei, dette var folk slutta med lenge før mi tid. Frå 1930-talet var det vanleg å lage til kulturbeite i heimemarkane. Då vart det mykje enklare å ha mjølkedyra heime og ta det inn i heimefjøsane eller gardfjøsane og mjølke dei der. Likevel vart sinakyr ( kyr som ikkje mjølka), og ungdyra sende til fjells sommars tid for å beite i eindel år frametter. Etter kvart som det vart mindre folk busette på gardane, vart det ferre og ferre som gjorde seg nytte av hamnegangen i fjellet til storfe, berre sauene vart sende til fjells. Ingen hadde heller geiter igjen på desse gardane av dei som hadde støylane sine i vårt område. Eg hugsar likevel Seimarane, som nytta støylsbeita lengst, kom til fjells med beitedyra sine, kyr og kviger. Det var i 1964».
«Trur du at det kjem til å bli støylsdrift igjen i framtida nokon gong»? «Det er alltid vanskelig å spå om framtida, men eg trur ikkje det. Det vert for arbeidssamt og tidkrevjande. Skulle eg nevne noko om framtida, trur eg heller at der kansje vil være meir interesse for å nytte støylen og områda kring til fritidsaktivitetar. Det er fleire fiskevatn i området, t.d. Støylsvatnet og Nigardsvatnet.
Der er eller eit særdeles fint turterreng med merka turstiar. Kansje kan det bli lagt ut fellt som blir nytta til hyttebygging? Det er ikkje så vanskelig å komme opp i området no som det var før fordi der vart bygd veg til Årdalsstøylen då høgspentlina frå Stakaldefossen til Stryn vart laga først på 1980-talet. Eg trur difor at «støylsdrifta» i framtida vil vere knytt til fiske, jakt og til turgåing» avsluttar pappa.
Rådastøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.