Sidemeny+

Ommedalsstøylen

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Ommedalsstøylen ligg ovanfor tuna ved Tverrelva ca. 550 m o.h., og høyrer til bruka på Ommedal, gnr. 18. Stølsbøen er romsleg og graskledd og med opne fine beitemarker omkring. Husa, 8 sel og 8 fjøs, ligg delvis på rekke og delvis meir spreidde. Ommedalstølen må vere ein av få veglause stølar som framleis er i tradisjonell drift.

Plassering i kart

Tilkomst
Stølsråsa til Ommedalsstøylen stig 500 m opp frå tunet og er tung og bratt. For krøtera er den i tillegg farleg, slik den slynger seg langs kanten av elvegjølet. Fram gjennom åra har det vore både uhell og nesten-uhell i samband med jaging. Problemet med dei tunge dyra i dag er at dei blir så trøtte buferdsdagen at dei legg seg føre. Problemet med dyra gjer at det no er planar om å bygge kombinert skogsbil- og stølsveg opp til Gamlesætra der terrenget vert slakare oppover. Derifrå er det kring eit kvarter å gå opp til stølen. Denne vegen kjem ikkje i konflikt med noverande stølsrås.

Bruk av stølen
Rasmus Ommedal fortel:
«Husa på støylen er haldne godt vedlike. I tillegg bygde tre av bruka nye og meir tidspassa fjøsar i 1970-åra. Alle sela er i god stand. Dei bruka som støylar, har i tillegg til innselet, bygt på eit rom til slik at både barn og vaksne kan ha betre plass om sommaren. Dei har og fått seg betre utstyr som propandrivne kokeapperat og kjøleskap.»

Rasmus Ommedal fortel at i gamle dager var det også geiter på stølen. Desse stod i eiga avdeling i fjøsen eller i eigne fjøs. Fram til slutten av 50-talet ver det 8 bruk som støla med omlag 60 dyr, derav 45 mjølkekyr. Det minka av etter kvart slik at det dei 10 siste åra har vore tre buskapar på stølen med 35-40 dyr som har vore letne inn om nettene. I tillegg har eit par bruk hatt dyr gåande ute «på laust».
Frå gamalt av var det vanleg å vere på stølen frå slutten av juni til byrjinga av september, i ca 9 veker. I dei seinare 10-åra har det vore ein stølsbolk på 5-6 veker frå eit stykke ut i juli.

Mjølkinga frå gamalt var sjølvsagt handmjølking. I samband med bygging av ny fjøs på 70-talet, laga Rasmusane det til slik at dei fekk mjølka ved hjelp av vasskraft. Trykkvatn frå stølselva dreiv ei vakuumpumpe via ein turbin. Gjennom eit nedgrave røyr vart det nok vakuum til å drive ei spannmaskin. Dette var både folk og fe vane med frå heimefjøset.
Av eldre tiders drift og skikkar nemner Rasmus at tredje kvar dag beitte alle buskapane i Tverrkupene sør for Stølsdalen. Dyra måtte jagast over Ræsene med svaberg og stelle som gjorde det litt vanskeleg å kome fram. Kyrene stod ofte ei stund og kvidde seg før dei tok fatt på nedstigninga til Stølsdalen. Men beitet var halde til å vere betre der enn i Stølsdalen, så dei gamle budeiene meinte dei kunne sjå det i bytta dei dagane kyrene hadde vore på Ræsene.

Stølsgjestebod
Fram til 50-talet var det skikken at alle bruka laga til stølsgjestebod ein søndag i stølsbolken. Då reiste alle heime på garden til støls og bad med seg slekt og kjenningar. Ein slik dag kunne det vere 40-60 personar på stølen. Maten var slik som var produsert på stølen: rømask, rømegraut, smør, brim og ostar av fleire slag. Om ettermiddagen samlast dei på ein stad ovanfor sela som den dag i dag heiter «Vaniljehogjen», der ein av brukarane las teksten for dagen. Gjestene gjekk nedatt søndag kveld.

Nokre fakta
Ommedal, gard nr. 18, hadde 6 bruk i 1890. 48 menneske budde på garden i 1865. Folketalet hadde auka til 90 personar i 1900.

——————————————————————————–

Artikkelnummer:
STOL1445021

Forfattar og datering:
Torgny Ueland, 1999.

Prenta kjelder:
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 197. Sandane 1988.

Litteratur:
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

——————————————————————————–

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

CC BY-NC 4.0 Ommedalsstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torgny Ueland 1999
Kommune: 2044