Myklebuststøylen
Myklebuststøylen sett frå Nonselvvatnet
Det som særmerkjer denne støylen, er at det er liten høgdeforskjell frå gardane på Myklebust/kobberstad og til støylen. Sandalsvatnet ligg på 308 moh og Myklebuststøylen på 430 moh.
Plassering i kart
Myklebuststøylen
Frå Myklbustdalen til støylen er det ca.1/2 times gange. Lett å gå, passar for alle (0 100 år)- fin turveg.
Det er merka turløype mellom Myklebustdalen og Stardalen. Skitnevatnet ligg halvvegs mellom Myklebustdalen og Stardalen; eit rikt fiskevatn. Området vert nytta som utfartsområde. Det er mange turistar frå inn og utland her om somrane. Det er også merka tursti frå Myklebuststøylen til Snønipa. (Hard tur.)
Sela på støylen er godt vedlikehalde og restaurerte i seinare år.
Det var meieridrift frå 1885-1947. (Det var her eit lite opphold før det kom i drift igjen i 1897.) Meieriet er nyrestaurert og fungerer i dag som eit museum, der ein kan få oppleve meieridrifta frå gamal tid. Er det ynskje om å besøke meieriet kan ein kontakte Inger Myklebust , tlf 57868811.
Frå dei bratte høge fjellsidene renn det små elvarsom samlar seg til ei større elv i den flate og grøderike dalbotnen. Her er godt beite for dei mange kyr og sauer som beitar her om sommaren.
Fuglar
Ramn, kongeørn, gulsporv, linerle og elles dei vanlegaste småfuglane som gråtrast o.a.
Dyr
Hjort, rev, lemen, mus, ekorn.
Små froskedammer med rumpetroll.
Mykje fin aure i elvane.
Plantar
Det er mykje bregne oppi liane.
Turt er ein høg korgplante med blå blomstrar.
Kvann.
Hestespreng er ei lita bregne og det er mykje av ho.
Kattefot og tepperot veks det mykje av.
Vier, gråor, selje og einer er vanlege tre/busker i området.
Små froskedammer med rompetroll.
Mykje fin aure i elvane.
Forfattar:Øyvind 8b
-
Myklebustdalen sett frå Skaveggene.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Raud variant av kattefot. Foto: Svein Hjelmeset Juni 2003cbn
-
Myklebustdalen 8.mars-04. Føl du dalføret vidare innover frå dei siste gardane, kjem du til Myklebuststøylen. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Myklebuststøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.