Sidemeny+

Myklandsstøylen

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Myklandsstøylen

Ein av dei få støylane som fortsatt er i drift. Ligg 380 moh, og kan vere utgangspunkt for tur nr 37 på turkart over Gloppen. Turen går til Vetledalen og Kupa.
Veg heilt fram til støylen. Siste to til tre km. er på grusveg. Her går geitene på beite og blir mjølka i fellesfjøsane. God standard på alle sela.

Plassering i kart

Stølsdrift før og no
Myklandsstøylen har vore i bruk sidan før 1900 talet. Tidlegare lagde dei kvitost, brunost og smør på støylen. Det var dessutan fleire meieri i bygda som foredla mjølka. Dyra blei mjølka med hand. Det var i tilegare tider fleire som hadde kyr i motsetning til no. I dag er det er nesten berre geiter (2 kyr)på støylen.
Vegen til støylen er ein bomveg der det kostar ca 20 kr for bilar å passere. På støylen er det 4 fjøsar som er i bruk , to fellesfjøsar med to og tre brukarar. Totalt er det ca 500 geiter på støylen i 6 veker ( juli/ august).
Det er mange som vil vere budeier og mjølke i fjøsen. Dei bur på støylen i 6 veker. Mjølka vert henta med tankbil 3 gongar i veka. Mjølkinga skjer ved bruk av mjølkemaskin og ein brukar dieseldreve aggregat for å skaffe straum til mjølkeannlegg og kjøling. Geitene får gå fritt på beite om dagane og brukar som oftast å komme tilbake til fjøstid av seg sjølv når klokka er 17.00.
Her er eit kjempefint turområde. Viss du er ute etter å gå på tur, kan du gå inn i dalen og opp til Kvanskarfjellet og deretter gå bortover fjellet til toppen av Skjorta som ligg 1470 moh. Du kan også gå ein litt kortare tur som går til Korset (ca.600moh). Opp dit går du frå grinda der det står bomveg. Her er også mange andre ruter ein kan gå, men då må ein ta kontakt med fastbuande for å få litt orientering om vegval.

Artikkelforfattar: Arne 9b

CC BY-NC 4.0 Myklandsstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Arne Kandal, Gloppen Ungdomskule 9b. 2003
Kommune: 2151