Sidemeny+

Melhus

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Stølen Melhus. Dette er fellesstølen der Underdal Stølsysteri held hus. Foto: Anna Karine Marstein 2003

Melhus tyder «som ligg i mellom» i tydinga mellom Undredal og Langhuso.
Tradisjonelt var Melhus vår-og hauststøl for brukarane i Undredal. På vestsida av elva hadde Undredalsbrukarane stølar,medan stølen til Hjellum låg på vestsida av elva. (Hjødla-Melhus)

Plassering i kart

Tradisjonell drift
I dag er det framleis drift på Melhus. I mai vert det buført til Melhus,og geitene gårder til juli, dåer det buføring ogdrift på Langhuso fremst i dalen. Omhausten vert geitene buført til Melhus att,oger der til det ikkje lenger er beite.

Endringar
Sesongen 2003 kom med store endringar. Tre av brukarane i Undredal gjekk saman for å ruste oppfellesstølen på Melhus til eit moderne stølsysteri for heilårsbruk. Ei slik samdrift sikrar at alle krav til produksjonsprosessen vert stetta, og på sikt vil det betre arbeidssituasjonen oginnteninga til den einskilde brukar.

EU-godkjend ost
Underdal fellesysteri har fått EU-godkjenning for produksjon og sal av tradisjonell kvir geitost ysta av upasteurisert mjølk.

CC BY-NC 4.0 Melhus av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Irmelin Klemetzen/2003
Kommune: 958